I det gamle bondehushaldet glei arbeid, pausar og fritid over i kvarandre. I byane hadde mange lange arbeidsdagar. Fritid fekk folk i Noreg først med 8,5-timars dagen i 1918.
Fritid er tid som ikkje vert brukt på betalt eller ubetalt arbeid, og heller ikkje på søvn eller personleg pleie. Denne tida kan brukast på andre aktivitetar. Det kan vere friluftsliv og kulturtilbod, hobbyar, mediebruk, hagestell, sport og sosial omgang med familie og vener.
Gjennom gjenstandar og foto ynskjer vi å syne fram mangfaldet av fritidsaktivitetar som har vore, og er, ein viktig del av kvardagen vår. Med det får du forteljinga om korleis av fritida vår har utvikla seg gjennom 130 år.
Utstillinga er produsert av Nordfjord Folkemuseum i 2021 og tilrettelagt av Sunnfjord Museum.
Toppfoto: Bjordal U.L. på Yndestadstølen i 1934 på veg til fjellstemnet på Høgenova. Her spelte laget 'Rasjonelt fjøsstell' av Hulda Garborg, Fylkesarkivet i Vestland