Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Utsnitt av odekorerte langbord til bryllaup. Borda er pynta med kvite dukar, stearinlys, serviettar med namnelappar og blomar. I bakgrunnen kvit tyll som er festa i tak og lys.

Bryllaupspakke

Praktisk info:

Pris: kr 10 500,-*

Prisen er gjeldane i 2024

Skal du feire bryllaup tilbyr vi ei eiga bryllaupspakke.

I denne inngår leige av Sersjantløa (plass til 100 stk.), Halbrendhuset (plass til 36 stk.) og Huus-stova (plass til 40 stk.) frå fredag kl.12.00 til måndag kl.12.00, og reservering av uteområdet under feiringa.

Vi tilbyr ikkje matservering, så all utleige er basert på at leigetakarar ordnar med - eller bestiller mat sjølve. Det same gjeld også pynting, oppdekking og opprydding.

Det er mogleg å sette opp partytelt og/eller kjøletilhengar. Leigetakar må ordna sjølv med bestilling. Plassering av partytelt/kjøletilhengar er mogleg på tilvist plass.

Museet er også vigslegodkjent.

-Det er røykeforbod i tunet. Røyking er tillatt kun ved tilvist plass på parkeringsplassen og toatletbygget.

-Bruk av spikar/teiknestifter for oppheng i husa er bare lov etter løyve frå museet sitt fagpersonale

-All bruk av eld er forbode i husa og på museumsområdet. Det gjeld også bruk av stearinljos og grillar.

-Opptenning av bål eller eingongsgrill er strengt forbode.

- Telt eller liknande i friluftsmuseet er berre lov å sette opp etter løyve og anvising av museet sitt fagpersonale.

Ta gjerne kontakt med oss for ei synfaring for å gå gjennom løysingar

Sersjantløa ferdig pynta til bryllaupsfest.
Sersjantløa
Trebord og stolar i ei stove med trevegger i Halbrendhuset. Vindauge med kvite blondegardiner. Vaser med blomar i ulike fargar står på borda.
Halbrendhuset - stova 1
sunnfjord-museum/utleige/sersjantløa/img_8048.JPEG.
Sersjantløa