Gå til Musea i Sogn og Fjordane
Sunnfjord Museum
sunnfjord-museum/utleige/sunnfjord-museum-sersjantloa-oppdekking-hestesko.JPEG

Praktisk informasjon

Sersjantløa

Plass til opp til 100 personar 

Til bruk i sommarhalvåret (mai-september)

Kaffitraktar, kjøleskåp og fryseboks, ikkje dekktøy og kjøken. 

Pris: 3200,- per døgn

Pris per ekstra dag: 640,- 

Utleige er basert på at leigetakarar ordnar med- eller bestiller mat sjølve.

Det er ikkje lenger mogleg å reserervere utan at dato er oppgitt på reservasjonstidspunktet.

  • For leige i perioden april-september må lokalet avbestillast seinast 1 månad før utleigedato.

  • For leige i perioden oktober-mars må lokalet avbestillast seinast 2 veke før utleigedato.

Ved for sein avbestilling må leigetakar dekke 50% av leigesummen.

Romløysing i Sersjantløa

sunnfjord-museum/utleige/sersjantloa-romplan.png

Om Sersjantløa

Sersjantløa kjem frå garden Indrebø i Angedalen i Førde og fekk namnet sitt fordi Bertel Anderson Indrebø, som eigde garden mellom 1872 og 1910, hadde gått underoffiserskulen og var sersjant.

Kor gamalt huset er, er meir uvisst. Inni kan ein tydeleg sjå at det er eit eldre hus som er påbygd i lengderetninga. Den eldste delen er bygd av furu, medan den yngste er av lauvtre. I samband med påbygginga som truleg fann stad ei eller anna gang mellom 1850 og 1880, vart det også bygd fjøs og gjødselkjellar under løa. Det kan ha vore den nemnde sersjanten som bygde løa, men det kan og ha vore den tidlegare eigaren Rognald Anderson Indrebø.

Då løa vart flytt til museet i 1993 valde vi berre å flytte løa, medan fjøsen og gjødselkjellaren sto att. Slik løa står i dag inngår ho i eit tun frå kring 1850, og då var det ikkje vanleg med slike kombinerte driftsbygningar.

sunnfjord-museum/utleige/sunnfjord-museum-sersjantloa-el-lys.JPEG