Gå til Musea i Sogn og Fjordane
Sunnfjord Museum
sunnfjord-museum/utleige/sunnfjord_museum_halbrendhuset_stova1.JPEG

Praktisk informasjon

Halbrendshuset

Plass til opp til 36. personar 

Heilårsbruk 

Moderne kjøken 

Dekketøy 

Pris: 2700,- kroner per døgn.

Ekstra dag: 540,- kroner.

Utleige er basert på at leigetakarar ordnar med- eller bestiller mat sjølve.

Det er ikkje lenger mogleg å reserervere utan at dato er oppgitt på reservasjonstidspunktet.

  • For leige i perioden april-september må lokalet avbestillast seinast 1 månad før utleigedato.

  • For leige i perioden oktober-mars må lokalet avbestillast seinast 2 veke før utleigedato.

Ved for sein avbestilling må leigetakar dekke 50% av leigesummen.

Romløysing i Halbrendhuset

sunnfjord-museum/utleige/halbrendhuset_romplan...jpg
Romplan i Halbrendhuset

Om Halbrendhuset 

Halbrendhuset er eit typisk midtgangshus frå andre halvdel av 1800-talet med dør inn midt på langsida til gang og kammers/kjøkken og stover på kvar side. I Halbrendshuset var eine stova opphavleg nytta som kjøkken.

Det er usikkert kor gamalt huset er, men det er med på eit av dei eldste bileta vi kjenner frå Førde frå tidleg 1860-talet. Truleg var det nybygt på denne tida. Når huset vart sett opp igjen på museet vart det bygd eit moderne kjøkken i bakkant med gasskomfyr og oppvaskmaskin. 

Halbrendhuset kjem frå bruk nr.7 på Halbrend i Førde og vart sett opp på Sunnfjord Museum midt på 1990-talet. Siste eigar var Leif Halbrend, som hadde eit ynskje om at huset skulle stå i Movika og vera glede og nytte for alle. Han fekk så vidt oppleve at huset kom opp før han døydde i 1997.

sunnfjord-museum/utleige/sunnfjord-museum-halbrendhuset-gamledagar.JPG