På 1700- og 1800-talet var det ikkje uvanleg at kvinner tente som ammer for rike familiar sine barn. Dette har Kristine Ness, som er konservator på Sunnfjord Museum, forska på. Ho har gått inn på kvifor gifte koner reiste frå mann og barn for å ta arbeid i Bergen, og korleis samfunnet rundt dei oppfatta det. Ness har tatt utgongspunkt i livet til Marte Movik, som levde på husmannsplassen i Movika. Ness held føredrag om Marte Movik og andre sunnfjordammer på den 15. desember - bli med for å høyre om denne spennande historia og stille spørsmål til konservatoren.