Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Lita jente held ei bøtte og ser med stort smil på læraren sin.
Publisert 25/09/2025
Av Henning A. Hellebust

Klassen fryda seg på museum

Nedi molda dukka det opp både slimete, gamle settepoteter og nye, gyldne knollar. Å ta med seg skuleklassen sin på museum, tykkjer lærar Kristina Lund er svært verdifullt.

– Grav der, grav der, ropar og peikar ein unge midt ute i potetåkeren.

– Kva er det, spør han og bøyer seg ned, medan kameraten styrer grevet.

– Æsj, slim! Er det ei potet?

Andre- og sjetteklassingar ved Kaupanger skule står med hovudet og grevet ned i molda på De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. I vår fekk dei vere med å sette poteter. I dag deltek dei på hausting, pluss at dei er med og pressar eple og helsar på museumsdyra.

Lærer av å gjere

– Det å få oppleve og gjere i praksis, ikkje berre lese og sjå film, men teste det sjølv, trur eg elevane lærer mykje av. At dei får sjå at ei settepotet rotnar og vert slimete, at nye veks ut, at dei får litt jord på fingrane, det er bra for dei, seier Kristina Lund.

Kvinne sit på huk mellom barn som grev etter poteter.
Læraren opplever stort engasjementet og innsatsen i åkeren.

Ho er ikkje den einaste læraren som tek elevane sine med på museum. Til saman har dei forskjellige musea i Musea i Sogn og Fjordane 26 ulike opplegg som dei tilbyr barnehagar og skuleklassar. I løpet av eit år er fleire tusen elevar innom og får påfyll med ein litt annan vri enn i klasseromma.

Slik tek du klassen med på museum

Bli med museumspedagog Nina på ein rundtur og sjå korleis elevar kan besøke museum.

– Det er veldig lærerikt, ungane får oppleve ting dei vanlegvis ikkje får oppleve i kvardagen. Slik som her – det er ikkje alle som har tilgang til dyr og poteter. Så får ein gjort noko anna, eit avbrekk i skulekvardagen, gjort praktiske ting. Museet kan tilby kompetanse og utstyr som vi ikkje har på skulen, seier Lund.

Eigne museumspedagogar

Musea har eigne pedagogar som utviklar tilboda. Dei bygger på utprøvde pedagogiske prinsipp, der aktiv deltaking er viktig. Aktivitetane vert tilpassa dei ulike aldersgruppene. Tilboda tek utgangspunkt i læreplanar og bidreg til at elevane når kompetansemål.

Ein vaksen viser ungar korleis ein skal skubbe på ei sveiv for å presse ut safta av epler.
Her viser formidlaren Anette Uglum Vikdal korleis ei eplepresse virkar. Til slutt vert det servert ferskpressa eplemost til alle.

– I forhold til den nye læreplanen sine krav til tverrfaglegheit er dette veldig rett. På skulen har vi om bondegard, der vi jobbar inn mot forskjellige fag, og så reiser vi på besøk her i tillegg. Om våren deltek vi på eit anna opplegg her – om vatn – som sjekkar av kompetansemål i mange ulike fag, seier læraren.

Ho seier at dei vert tatt godt i mot og opplever at dei tilsette har god kompetanse. Det vert stadfesta i ei kartlegging der 19 lærarar har gitt tilbakemelding etter at klassane deira har delteke på ulike tilbod rundt i Sogn og Fjordane. Dei aller fleste, 95 prosent av lærarene som har svart, melder tilbake at dei opplevde både mottakinga,  formidlingsopplegget og gjennomføringa som bra eller veldig bra.

Eit barn ber ei bøtte med poteter. Eit anna barn har kvite joggesko med mold på.

– Det som er fint med akkurat dette opplegget, er at elevane får sjå kvar maten kjem frå. Dei får eit innblikk og deltek i praksis. Mange forstår nok ikkje kva dei går til når dei møter opp i kvite joggesko, men det er ingen ting som stoppar dei når dei vert sett i aktivitet. Det er kjekt å sjå, seier Lund.

Meir nytt frå musea

Sjå meir