A.G. Holsen i Firda
Eg hadde den store hugnad å få vere tilstades ved opninga av Sunnfjord Museum i Førde. Der fekk eg også høve til å helsa på mange kjenningar. Ungdomsskulelærar Huseklepp heldt ei retteleg gild opningstala. Han er ein særs flink talar no Huseklepp. Mål, innhald og framføring er so harmonisk at det er ei gleda å høyra han. Han hev også utvikla seg som talar svært mykje sidan sist eg høyrde han.
Det einaste eg vil kritisere han for i opningstala, var at han var for mykje bygdepatriot. Han rosa rosa for mykje Gaular og gaulværingane. Er der noko bygd i Sunnfjord som her må nemnast framum andre, so er det utan tvil Jølster. Her hev med slike som: Anders Endestad, som smed og mekanikar, And. Og Bertel Aasen som snikkarar (særleg orgelbygjarar), Andrea i Sandneset særleg som meister å veva teppe.
Det er sagt at museumsbygnaden var den gamle verkstaden til Anders Endestad og då der det ufatteleg at ikkje den mann vart nemnd med eit ord. Særleg burde han vore nemnd i opningstala. Etter mitt kjennskap er han eit av dei største geni som Sunnfjord har fostra som mekanikar. Det var nemn mange andre som bverre er småkarar mot han.
Visstnok hev Gaular – eller rettare Huseklepp – samla mesteparten av dei ting som museet rår yver. Men mykje var berre småting som ikkje burde vore kvar for seg, men fleire ting under eit. Likevel er det gildt at Sunnfjord hev fenge sitt museum. Eg vil vona at det snart vert eit heilt Sunnfjordtun.
Elles var det svært mange som tala. Ein ting undra meg, og det var at ein mann som ordførar Tefre kunde stå og knota på riksmål som han gjorde. Det var då stivt og unaturleg for ein yngre bonde her frå Fjordane, at det er reint rart å høyra. Kvifor då ikkje heller bruka bygemålet sitt?
Noko av det gildaste på innviingsfesten var den væne songen av Førde songlag. Det var reint hugnadsamt å høyra og sjå kor den unge dirigenten frk. Sølvberg, fekk sving på songarane og songen. Ho er ein meister i så måte.