Sunnfjord Museum
To jenter sit i ein båt med kvar si åre og ror.

Sommarleik 2026: Aktivitetsskule for born

Tidspunkt til
Stad Sunnfjord Museum

Er du i alderen 10-13 år?
Bli med på aktivitetsskulen Sommarleik på Sunnfjord Museum!

Sommarleik er tre aktivitetsdagar for born i alderen 10 - 13 år, og i år blir den gjennnomført 22.-24. juni, alle dagar klokka 09.00-15.00.

Dette er fjerde året vi arrangerer eit slikt tilbod. Vi legg vekt på at vi skal ha det moro og lærerikt, og borna skal få prøve seg på ulike aktivitetar, få utfordringar, kjenne meistring og få nye vener. Rammene for dei tre dagane er museet og museumsområdet, og vi skal vere MYKJE ute og litt inne.

På Sunnfjord Museum er vi også ut i båt på Movatnet som ligg rett nedanfor friluftsmuseet. Borna får lære å ro, sette garn og dra garn. I 2023 fekk vi ca. 350 aure på dei tre dagane vi sette garn og fiska med borna. Alt laga vi nydeleg middag av, og det skal vi etter planen også gjere i år. Vi håpar på bra fangst!
Fisk kjem difor til å stå på menyen når vi har lunsj.
Borna skal også vere med å sløye fisken, og reinske garna for rusk og rask.
Det er difor viktig å førebu borna på dei aktivitetane vi har desse dagane. Alle må vere med å hjelpe.

Påmelding og informasjon

Vi opnar for påmelding veke 19!

Det er bindande påmelding!
Fristen for påmelding er 12. juni.
Tidspunkt for Sommarleik: 22.- 24. juni, Klokka 09.00 - 15.00, alle dagar.

Påmelding til Sommarleik skjer i systemet Museumsbillett, og vi opnar for påmelding i veke 19.

Pris: Kr. 950 ,- pr. barn.

Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå til oss så fort som mogleg. Ring 57 72 12 20 eller send epost til sum@misf.no.

Ved avlysing, i tilfelle av ufortsette hendingar frå arrangør si side eller for få deltakarar, refunderast fullt kursbeløp til deltakaren.

Kurset har plass til 15 born.
Vi har ikkje høve å sette opp venteliste.

sunnfjord-museum/sommarleik_sunnfjord_museum_msf_01500_foto_henning_a.__hellebust-(1).jpg.
Arbeid på verkstaden er ein populær aktivitet. Det vert også smiing.

Aktivitetar på Sommarleik:

  • Smiing

  • Husflidsaktivitetar som nålefilting, måling, trykk på tekstil, veving, m.m.

  • Spikking og arbeid i tre på verkstaden.

  • Roing i båt, sette/dra garn og sløying av fisk. Dette vert organisert av fire karar frå Movika Not- og samkomelag.

  • Småaktivitetar undervegs som å klappe geitene, spikke, leike.

sunnfjord-museum/sommarleik_sunnfjord_museum_msf_01501_foto_henning_a.__hellebust.jpg.
Har du spørsmål?

Ta kontakt med museumspedagog Nina Renate Brendsdal på
tlf. 41 42 19 59 eller send ein e-post til ninbre@misf.no.

Vi håpar å sjå DEG på Sommarleik 2026!