I resepsjonen kan du låne ein trekasse med material og utstyr til å bygge deg ein leikebåt.
Du tar kassen med deg ned i tunet. Nede ved vatnet, ved vognhuset, finn du ein arbeidsstasjon der du kan jobbe med leikebåten. Vi set pris på at du ryddar etter deg og legg alt utstyr opp att i kassen, og sjekkar utstyrslista.
Kassen leverer du i resepsjonen. Gje beskjed til oss om noko manglar eller er øydelagt.
Leikebåten tar du sjølvsagt med deg heim, og med på nye eventyr på eit vatn eller i ei elv.
