Sunnfjord Museum
sunnfjord-museum/jubileum/jubileumslogo.png.

Jubileumsåret på Sunnfjord Museum

Tidspunkt til

Velkomen til 100-års jubileum! Følg med på denne sida for oppdateringer om arrangement og program i 2026 og 2027.

Sunnfjord Museum feirar hundre år med kulturhistorisk forvalting og formidling. Røtene er sterke og djupe. Det er mange historier å fortelje om ein hundreåring.

Sunnfjord Museum var oppretta i 1926 for å vise kulturhistoria til Sunnfjord-regionen, som i dag omfattar kommunane Askvoll, Bremanger, Fjaler, Hyllestad, Kinn (Flora) og Sunnfjord. Museet begynte livet som «Sunnfjordtunet» og låg på Skorpa i Førde – der festplassen og parken i Førde sentrum ligg i dag. Sunnfjordtunet hadde mellom anna desse tre bygningane: Østenstadstova, Myklebustloftet og stabburet frå Rørvik. Desse er framleis nokre av dei første bygningane du møter når du går ned i museumstunet. I tillegg var det samla inn rundt fem hundre gjenstandar. Draumen om eit sunnfjordtun var fødd.

I 1951 flytta Sunnfjord Museum opp til Movika, der det står i dag. Movika var opphavleg ein husmannsplass, og bygningane er bevart her enno. Etter kvart kom det fleire bygningar, og dei vart lagt slik at det heile danna eit klyngetun. Museet fekk i tillegg ei skulestove, og i 2004 vart det laga ein støl. I samband med jubileet har vi opna ein landhandel og ein skomakarverkstad.

Dei første tiåra vart museet drive av frivillige i Sunnfjord sogelag. På 1970- og 1980-talet fekk museet tilsett ein leiar og ein handverkar. På 1990- og 2000-talet kom det konservator- og formidlarstillingar som profesjonaliserte innsamlingsarbeidet og dei pedagogiske opplegga. I 2009 vart Sunnfjord Museum ein del av Musea i Sogn og Fjordane, ei stifting på tretten museum som forvaltar og formidlar kulturhistorie og kunst i gamlefylket.

I dag har Sunnfjord Museum sju faste tilsette som set i stand bygningar, lagar utstillingar, forskar og formidlar nytt innhald. Vårt felles mål er å utvikle museet slik at vi er ein relevant samfunnsaktør som bidrar til fellesskap og tilhøyr.

sunnfjord-museum/jubileum/l_108702.jpg.
Desse ølstaupa frå Askvoll var blant dei første gjenstandane som vart tekne inn i samlinga til Sunnfjord Museum. Du kan sjå dei, og andre spennande gjenstandar frå samlinga, i jubileumsutstillinga.

Røter i rørsle: 100 år på Sunnfjord Museum

I jubileumsutstillinga «Røter i rørsle» får du eit innblikk i museumshistoria frå skiping av Sunnfjord sogelag i 1910 til opninga av det nyrestaurerte Løsetloftet i 2026. Utstillinga legg særleg vekt på korleis museet har bevart ein levande kulturarv gjennom bygningsantikvarisk arbeid, bevaring av folkedrakter, og formidling til folk i alle aldrar. Samstundes inviterer utstillinga deg til dialog om identitet og kulturarv i dag. Korleis skal vi samle på og formidle felles forteljingar dei neste hundre åra?

Løsetloftet under restaureringa.
Handverkar Stig Magne Spjutøy har arbeidd hardt med restaureringa av det historiske Løsetloftet. Velkomen til omvising!

Løsetloftet

Stig inn i eit loft med ei kongeleg seng!

Sidan 2023 har handverkarane på museet jobba med restaurering av Løsetloftet, eit loft frå Løset i Jølster, bygd kring 1640. Bygningen vart ein del av museumssamlinga i 1953 og er freda. Freding betyr at eit bygg har den strengaste form for vern hos Riksantikvaren. Restaureringa av Løsetloftet har vore ein grundig prosess der vi har lagt vinn på å sikre at alle tiltaka er gjort etter antikvariske prinsipp.

Til Løsetloftet knyter det seg også eit spennande segn! Christian IV av Danmark-Noreg skal ha overnatta her då han reiste gjennom distriktet for rundt fire år sidan. Handverkarane har laga ein kopi av senga han sov i slik at du kan oppleve loftet slik kongen kan ha gjort det.

sunnfjord-museum/jubileum/landhandel-sunnfjord-museum-msf-06333.png.
Museumspedagog Nina Renate Brendsdal er klar for å vise deg den nye, tilgjengelege aktivitetsutstillinga, Movika Landhandel og Skomakarverkstad!

Movika landhandel og skomakarverkstad (Gulehuset)

Kom inn i Movika landhandel og skomakarverkstad og kjenn lukta av søte drops, krydder og lêr!

Bygningen er eit loftshus frå Vikja i Gaular og har fått kallenamnet «Gulehuset» på museet. Gulehuset vart innlemma i museumssamlinga i 1952, og det vart opphavleg brukt som visningshus for museumsgjenstandar. No lever huset vidare med nye utstillingar som presenterer to viktige næringar i Sunnfjord på 1900-talet: landhandel og skomakeri.

I landhandelen kan du opne skuffer, ta på butikkvarer og oppleve ei tid då handelen føregjekk over disk. I skomakarverkstaden er det utstilt gjenstandar frå ein verkstad i Litlevika i Flekke i Fjaler. På enkelte arrangementsdagar kan du prøve ulike handverksaktivitetar her.

Gulehuset har inngang med rampe slik at det er tilgjengeleg for folk som bruker rullestol eller rullator. Huset er også tilrettelagt for svaksynte og blinde, med godt lys og utstillingstekstar i punktskrift.

Gulehuset har inngang med rampe slik at det er tilgjengeleg for folk som bruker rullestol eller rullator. Huset er også tilrettelagt for svaksynte og blinde, med godt lys og utstillingstekstar i punktskrift.

Ei utstilling med tekst på punktskrift.
Utstilling med tekst i punktskrift i Gulehuset.