Dei fleste av dei rundt 50 sommarvertane hjå Musea i Sogn og Fjordane er elevar og studentar. Men – det er inga øvre aldersgrense – enkelte sommarvertar er langt meir erfarne. Ei av dei er Margret Sande.
– Eg pensjonerte meg etter å ha jobba 30 år i det private næringsliv. Samtidig slutta vi som sauebønder. Det vart frykteleg stille. Eg måtte finne ein måte å komme ut og treffe folk, seier ho.
Då utlysinga etter sommarvertar dukka opp, var det ikkje noko å lure på. Som aktiv i Gloppen sogelag, karakteriserer ho seg sjølv som over gjennomsnittet interessert i historie. Det er ikkje avgjerande for ein slik jobb, men heller ikkje ein bakdel.
– Eg klussa litt med den digitale søknaden. Her skulle det lastast opp attestar og vitnemål, men det ordna seg det også. Så då Holvikejekta Nordfjord Folkemuseum opna i juni 2025, var eg med frå dag ein, seier Sande.
Det gjekk såpass bra at ho fort vart tatt inn på lista over tilkallingsvikar til Nordfjord Folkemuseum. Så når dei treng ekstra hjelp gjennom året, stiller ho på der også.
Tek imot gjestene
Ein typisk arbeidsdag er å møte opp litt før opning, låse opp, slå på lyset, sette i gang alt, sjekke at alt er i orden på toalett og elles fint og ryddig. Så møter ho gjestene når dei kjem, sel billettar og svarar på ting dei lurer på.
– Vi har ikkje noko guidetilbod her. Her talar utstillinga og tekstane for seg sjølv, men det kan jo hende dei besøkande har fleire spørsmål, og då prøver eg såg godt eg kan å svare.
– Eg vart litt hekta i sommar, så eg las jo alt eg kom over som gjaldt jekta. Så eg kan kanskje svare på litt meir enn det som står på veggane, seier ho.
– Fekk du dekka dei sosiale behova dine?
– Mja… både og. Nokon dagar det var ganske stilt. Når bøkene var ferdig lest, var det berre til å finne fram strikketøyet. Andre dagar var det meir aktivitet, til dømes då 40 cruise-turistar kom gåande. Ein annan dag kom det ein kar med rullator som ville ha følgje opp i tredje høgda til utsiktsplattforma. Det kan vere litt forskjellige behov som skal dekkast, forklarar ho.
– Kva får du spørsmål om då?
– Det er no alt mogeleg om jekta, men også spørsmål om nærmiljøet. Kor langt er det til Vereide kyrkje, kvar er det gode badeplassar, kva finst inne i sentrum. Det er fint å vere litt lokalkjend. Elles så hender det at vi slår av ein prat om heilt andre ting også, om gjestane er interessert i det, seier Sande.
– Kven er det som kjem, og kva seier dei om museet?
– I fjor var det mest lokale og frå Nordfjord, men sjølvsagt også noko turistar, mest norske. Vi får veldig mykje skryt av det nye bygget. Dei er veldig begeistra, både ute og inne. Dei lokale har sett jekta før, men ho tek seg betre ut no. Dei seier at det passa godt, at det er godt løyst.
Straks fyller Margret Sande 67 år. Ho har i alle fall planar om å jobbe denne sommaren på jekta også. Vil du bli kollegaen til hennar, eller vere sommarvert på eitt av dei andre musea våre, gå inn på sommarjobbsida og sjekk ut annonsane for dei ulike stadene vi har ledig stilling. Søknadsfristen er 25. februar.