Verdsarven i Noreg byr på meir enn dei åtte stadene NRK og Silje Nordnes tek oss med til i haustens serie Vår verdensarv. Unesco løftar også fram den tradisjonelle kunnskapen, dei levande tradisjonane. Kanskje er du sjølv del av verdsarven, utan å vite det?
UNESCO si verdsarvliste for immateriell kulturarv inneheld bunadstradisjonen, klinkbåtane og stølskulturen. I tillegg skil deler av kystlandskapet vårt her i Sogn og Fjordane så mykje ut, at det har fått status som ein av UNESCO sine globale geoparkar.
Bunadstradisjonen
I 2024 vart den norske bunadstradisjonen skriven inn hjå UNESCO som del av verdas kulturarv. Det gjald både arbeidet med å lage bunader og bruken av tradisjonsplagga.
Er du ein bunadsbrukar, er du sjølv ein som ber og utøver verdas kulturarv.
I Musea i Sogn og Fjordane har vi store tekstilsamlingar. På Digitaltmuseum.no kan du sjå døme på både folkedrakter og bunader, og nedanfor kan du finne ut kvar nokon av desse er utstilt for publikum.