Kunne ho vere med i arbeidet med å skape ein eigen bunad for Sogn? Dette var noko læraren Anna Knutsen (1885-1965), fødd i Luster og oppvaksen på Leikanger byrja å spekulere på rundt 1914. Ho reiste rundt i Sognebygdene og granska gamle folkedrakter. Bunadsarbeidet til Hulda Garborg var kjent for ho. Kanskje var Knutsen inspirert, kanskje hadde ho lest heftet til Garborg som kom ut i 1903? Med utgangspunkt i det Knutsen såg og lærte av tekstilar og folk på reisene sine, arbeidde ho for å lage ein sognebunad. Det betyr at ho tok utgangspunkt i utvalde folkedrakter og sette saman noko nytt, som var tilpassa tida.
Ei av fleire pionerar
Anna Knutsen sin versjon av Sognebunaden vart skapt. Ho skreiv artiklar om arbeidet og formidla det. Dessutan hjelpte ho folk å sy. Knutsen lagde fleire bunader. Ein av dei første, som ho brukte sjølv, er den du ser ovanfor.
Knutsen var langt frå åleine om arbeidet med sognebunaden. Klara Semb er eitt viktig namn, ho jobba på same tid som Knutsen.
– I seinare tid har Bjørg Hovland rekonstruert ein ny versjon av sognebunad. Den er meir tru mot dei gamle kjeldene enn det sognebunaden har vore, sjølv om plagga har same opphav. Ho har kopiert draktplagg frå tidleg 1800-talet og også brukt andre kjelder, som bilete av nasjonalromantiske kunstnarar. seier seniorrådgjevar Aud Ross Solberg ved De Heibergske Samlinger, som fortel at grunnlaget for bunadane lett kan kjennast att i folkedraktplagg museet har i samlinga si.
Kjenneteikn ved Sognebunaden
– Då desse plagga var folkedrakter var det ikkje slik at alle skulle ha same type åliv og same farge. Då var det viktig at det var ulikt, i motsetnad til slik vi kjenner sognebunaden slik den utvikla seg gjennom 1900-talet. Då skulle ein ha same type åliv, så ein vart like, seier Aud Ross Solberg.
Dei seinare åra har det på ny kome til fleire ulike fargar på åliva. Det er likevel nokon faste kjenneteikn på sognebunaden.
Dåsa, eller stakken, er laga av svart ullstoff, og er kanta med ein stakkekant. Anna Knutsen hadde applikasjonsbroderi i grønt og mørkeblått. Applikasjonsbroderi vart og brukt i kombinasjon med ullgarnsbroderi, men kanten kan også berre ha ullgarnsbroderi, ein kvarde.
Brokadeved liv. Basert på gamle mønster, truleg tilbake til 1700-talet. Det har også ein kvarding rundt seg, i form av ein svart fløyelskant. Før draktene vart festdraktene vi i dag skjenner som bunad, var liva høgare, gjerne heilt opp under bysta. Då kunne dei ha ein valk, ei slags «pølse» som var sydd på rundt livet, som ein hang stakken over.
·Åliva er kanta med svarte fløyelsband. Dei vert lukka med maljekjede tredde gjennom maljar. Material og fargar har variert mykje gjennom tida. I nyare tid har ein brukt brokadeliknande stoff i viskose, eller silkedamask med brosjert mønster. Før draktene vart festdraktene vi i dag kjenner som bunad, var liva høgare, gjerne heilt opp under bysta. Då kunne dei ha ein valk, ei slags «pølse» som var sydd på rundt livet, som ein hang stakken over.
Den grøne silketrøya på Knutsen sin bunad, vart brukt under ålivet. Med trøye nytta ein berre halvskjorte utan armar.
Skjorta til sognebunaden skal ha kvitsaum eller svartsaum, der kvitsaumen var sett på som gjevast. Broderi på skjorta ser ein på halskragen, handlinningen og kanskje og på bringelista. Skjorta skal vere laga av lin.
Fleire variantar i Sunnfjord
I Sunnfjord var Olina Fossheim, mor til seinare kjende Audhild Viken, ein av dei som starta innsamlingsarbeidet for å lage ein bunad. Tidleg på 1900-talet leitte ho etter gamle draktdeler i Jølster.
– Dette er alle livstykke frå folkedrakter frå Jølster frå tidleg 1800-talet. Den rekonstruerte sunnfjordbunaden frå 1987 er mellom anna kopiert av det blå livet, som var innsamla av Olina Fossheim. Elles er alle liva her brukt som kjeldemateriale for Sunnfjordbunaden som kom i 1925, seier konservator Kristine Ness ved Sunnfjord Museum.
Sjekk klesskapet ditt!
Det betyr at for dei av dykk lesarar som har kvinnebunad frå Sunnfjord, så sit Ness med tre av liva den har tatt utgangspunkt i. Desse liva er klede folk hadde før det vart kalla bunad, altså klede kvinnene i Jølster brukte i kvardagen. Kvifor ikkje finne fram bunaden, om du har, og samanlikne med bileta her?
– Det blå livet består av to framstykke og eitt bakstykke. Rundt halsen og skuldrane er det mønstervevde ullband. Dei to raude tekstilane er maljeklutar, som også er ull, men finare vevd. Det er festa med grøne og gule krossting. Rundt arm-opningane er det kvarda med grøne kantband. Rundt ermeopningane og på bakstykket er det horrlandsborder, seier Ness.
Den grøne Sunnfjordbunaden, som også seinare fekk raude og svarte liv som valmogelegheit, vart konstruert ved Fylkesfiskarskulen i Florø i 1925. Det var læraren Mattea Engja som lånte det innsamla arbeidet til Olina Fossheim. Ho konstruerte ein bunad inspirert av dette materialet. Elevane hennar sydde dei første Sunnfjordbunadane – med grønt liv. Fargen vart valt med utgangspunkt i ei drakt som fanst ved Bergen Museum.
Omfattande bevaringsarbeid
Kristine Ness og kollegaene hennar jobbar her med å flytte deler av tekstilsamlinga frå magasinet på Sunnfjord Museum, til det nye fellesmagasinet i Angedalen. Kvar einaste gjenstand vert varsamt pakka ut. Den vert undersøkt nøye, skildra i detalj. All informasjonen vert lagra i ein stor database og publisert på Digitaltmuseum.no. Der kan kven som helst sjå og lese detaljar om desse gamle kulturskattane. Nedst på sida finn du lenker du kan følgje. Seinare, når publikumsdelen av Tinghuset står ferdig, vil det verte mogeleg for publikum å få studere bunadene sjølv.
Nedanfor kan du sjå ein bildeserie frå dette arbeidet ein føremiddag hausten 2024.