Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
kystmuseet/omvising_i_bathallen_msf_01725_foto_henning_a.__hellebust-(1).jpg.

Faste utstillingar

Stad Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Kystmuseet i Sogn og Fjordane har fleire faste utstillingar fordelt på to utstillingsbygg og ei antikvarisk sjøbu. Her kan du utforske gjenstandar og foto frå bygd og by langs kysten, og oppleve lukta av båtar frå ein svunnen tid.

Florø by

Den faste utstillinga om Florø finn du i hovudbygningen på Kystmuseet. I den får du sjå bilde og gjenstandar frå byliv i Florø frå byen vart grunnlagt i 1860 fram til i dag. Her står det utstilt gjenstandar frå næring, fest og kvardagsliv langs kysten av gamle Sogn og Fjordane fylke.

Fane og fotballdraktar frå Florø IL.
Fotballdraktar og ei fane frå Florø Songlag vitnar om eit aktivt lag- og foreningsmiljø i kystbyen.

Båthallen

Under imponerande takhøgde i båthallen på Kystmuseet finn du ei rik samling av Sunnfjord- og Nordfjordbåtar som fortel om både båtbyggarskikk og båtbruk i Sogn og Fjordane fram til tidleg 1900-tal.

I utstillinga finn du også ein av museet sine største, og viktigaste, gjenstandar: Bakkejekta. Bakkejekta er ei Sunnfjordjekt truleg bygd i 1750, noko som gjer den til ein av Noregs eldste bevarte båtar!

Båthallen huser også ei utstilling med utstyr frå ulikt type fiske, navigasjon og repslaging.

4 menneske står mellom gamle trebåtar sett på avstand.
I båthallen kan du også få omvising etter avtale.

Det store sildeeventyret

Ein kort gåtur gjennom museumsområdet tek deg til Bataldebua og utstillinga Det store sildeeventyret. Opphaveleg stod bua på Batalden, og var i bruk i perioden på 1800-talet da mange fiskarar og oppkjøparar trakk til Kinn-distriktet for å delta i det rike sildefiske. I dag huser bua ei fast utstilling om sildefiske i Kinn-distriktet, samt ei utstilling om sild og havforsking i andre etasje. Utstillinga er open etter avtale.

Interiøret i Bataldebua med fiskeutstyr, tau og ein fiskar som sitter og bøter garn.
Ein fiskar som bøter garn møter deg i Bataldebua.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

6. februar — 15. juni
Tysdag - Fredag kl. 10:00 - 15:00

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Honnør/student: 90 kr
  • Barn 0-17 år: Gratis
  • Årskort*: 390 kr

Her er vi

Kystmuseet i Sogn og Fjordane
Brendøyvegen 25B
6900 Florø