Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet

Planlegg besøket ditt

Her er vi

Kystmuseet ligg om lag 2 km frå Florø sentrum. Du kan besøke museet gåande, syklande, med offentleg transport eller med bil.

Kystmuseet i Sogn og Fjordane
Brendøyvegen
6900 Florø

Opningstider

6. februar — 15. juni
Tysdag - Fredag kl. 10:00 - 15:00

Museet er stengt i påsken frå 23. mars til 1 april
23. mars — 1. april
Stengt
16. juni — 18. august
måndag-fredag: kl. 11:00-17:00
laurdag og sundag: kl. 12:00-16:00

Billettprisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Honnør/student: 90 kr
  • Barn 0-17 år: Gratis
  • Årskort*: 390 kr
  • Museumspass (2 mnd sesongkort)**: 220
  • Gruppe (15+ pers.)***: Ta kontakt for pris
  • Gruppe u/arbeidstid (15 +pers.)***: Ta kontakt for pris
*Kortet gjeld i eit år fra ein valfri dato, og kan nyttast så mange gonger du ynskjer på alle Misf sine museum.
**Museumspasset gjeld for 2 månader
***Omvising for gruppe må avtalast på førehand.

Kontaktinformasjon

Kystmuseet i Sogn og Fjordane
Brendøyvegen 25B
6900 Florø

Kafé

Kaféen finn du i utstillingsbygget, her kan du slappe av med kaffi og heimelaga kaker.
Etter avtale kan grupper bestille servering.

Kafeen har same opningstider som museet.

Har du spørsmål, kontakt resepsjon- og butikkansvarleg Hilde Wiik:

Telefon 98 26 98 54 eller e-post: ksf@misf.no

To kvinner spiser kake ved eit kafébord.

Museumsbutikk

Museumsbutikken har eit variert utval gåver, garn, leiker, souvenirar og eit stort utval bøker og hefter på både norsk og engelsk. Butikken er open for alle, også utan billett, og følgjer museet sine opningstider.

To kvinner studerer ei ulljakke i museumsbutikken.

Parkering

Det er gratis parkering på parkeringsplass ved museet.

Tilkomst

Kystmuseet ligg ca. 2 kilometer frå sentrum av Florø, dvs. ein fin tur gjennom bustadsområde og vakker natur i ca. 30 minutt.

Offentleg transport: Kjem du med rutebåt tek du bybussen frå rutebilstasjonen, 300 meter opp frå hamna. Bybussen går kvar heile og halve time, og bruker ca. 15 minutt til Brendøyvegen. Derifrå er det ca. 500 meter å gå til Kystmuseet. Same retur.

Med bil: Frå sentrum køyrer du Kinnvegen mot Flyplassen, føl skilting og tek av til Brendøyvegen. Lengst inne finn du avkjørsla til museet.  

Eventuelt kan ein køyre Firdavegen, over Kleiva og ned til parkeringsplassen i Båtevika. Der startar ein fin turveg gjennom museumsområdet, over bruene til hovudbygningane, med administrasjon, kafe og utstillingar.