Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
kystmuseet/kystmuseet_msf_00830.jpg.

Omvising på Kystmuseet

Stad Kystmuseet, Bataldebua

Er dykk ei gruppe som treng litt kulturhistorisk påfyll? Då kan ei omvising på Kystmuseet i Sogn og Fjordane være tingen! Vi tilbyr fleire ulike omvisingar og kan tilpasse dei etter behov og ønske.

Omvising i båthallen

I båthallen fortel utstillinga om korleis båten har vore heilt sentral for livet langs kysten. Her finn du også ein av dei flottaste juvelane i samlinga vår: Bakkejekta frå 1750. Saman med formidlar frå museet kan dykk få dykke djupare ned i historia om tida då segl og årar tok oss ut på fiske, til kyrkja, og på reise mellom by og bygd.

Sommarvert har omvisning med publikum i Båthallen.

Omvising i Bataldebua

På Prestholmen finn du ei gammal sjøbu med grå tømmerveggar og oransje tak. Opphaveleg stod bua på Batalden, og var i bruk i perioden på 1800-talet da mange fiskarar og oppkjøparar trakk til Kinn-distriktet for å delta i det rike sildefiske. Her tok dei imot silda og salta den i tønner. På slutten av 1920-talet blei bua flytta til Sunnfjord museum, som den gong låg i Førde sentrum. Da museet flytta til Movika blei ikkje bua med på flyttelasset. Den vart i staden demontert og lagra i Florø heilt fram til Kystmuseet blei stifta og museet tok over eigarskapet. Bua blei gjenreist på museumsområdet i Florø i 1992.  

I dag huser bua ei fast utstilling om sildefiske i Kinn-distriktet, samt ei utstilling om sild og havforsking i andre etasje. Ei omvising på Bataldebua gjev ein smakebit av korleis det var å arbeidde med silda under det rike sildefiske på Vestlandet - frå fiske, til foredling, til sal av sild som handelsvare.

Oversiktsbilde over Bataldebua ved sjøen og Brendøya i bakgrunnen. Blå himmel og rolig sjø.
Utsikt mot Bataldebua
Praktisk informasjon

Ønsker du å bestille ei omvising? Kontakt oss på telefon: 98 26 98 54 eller e-post: ksf@misf.no

For større grupper kan omvising kombinerast med lunsj i kafeen. Dette må tingast ved bestilling. Ta kontakt for pris og meny.