Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
nordfjord-folkemuseum/img_6284.jpg.

Friluftsmuseet

Stad Nordfjord Folkemuseum

Utforsk stover og stabbur, eldhus, låver og fjøs, stall og støyl, hunde- og hønsehus, ei skulestove og jamvel eit fargeri.

I friluftsmuseet finn du 44 antikvariske bygningar frå regionen Nordfjord. Friluftsmuseet er bygd opp som eit klyngetun, som er den mest vanlege måten gardane i Nordfjord var i historisk tid.

Du vil òg finne ein støyl, der du har utsikt over heile friluftsmuseet, og ser du godt etter kan du sjå utover fjorden og ut til Holvikejekta.

Innover friluftsmuseet vil du finne ein eplehage med over 30 ulike lokale eplesortar, fleire utmarkslader, og eit vasskraftsanlegg.

Digitalt Museum kan du lese meir om våre bygningar.

Omvising i friluftsmuseet og i dei antikvariske husa

Frå mai til oktober er husa i friluftsmuseet opne for publikum i museets opningstider, og i sommarsesongen frå juni-august tilbyr vi daglege omvisningar i husa inkludert i inngongsbilletten.

Vi tilbyr omvisningar for grupper og skuleklasser heile året, ta kontakt med museumspedagog Karoline Stubberud Eide (kareid@misf.no) for meir informasjon.

Ingen grilling eller bruk av eld på området

I friluftsmuseet er det forbod mot eld og røyking. Vi ber om at alle som brukar området syner hensyn til dei verdifulle bygga våre.