Daglege omvisingar i sommarsesongen
I sommarsesongen tilbyr vi daglege omvisingar for publikum. Desse omvisingane er inkludert i inngangsbilletten.
Omvising med guide - for grupper
Omvisingar elles i året og for eigne grupper må avtalast på førehand.
Pris for eiga omvising er kr. 100 pr. person (10 -20 personar per gruppe).
Nordfjord Folkemuseum tilbyr omvisingar på norsk og engelsk.
For å tinge omvising, kontakt oss på telefon 480 63 234 eller e-post: nfm@misf.no.
Hovudbygget ved Nordfjord Folkemuseum er universelt utforma. Dessverre er dei færraste antikvariske bygga tilrettelagt for rullestol. Dersom du ynskjer å besøke museet og har spesielle behov i tilknyting til dette, så ta gjerne kontakt med oss. Vi oppmodar også grupper om å melde frå om spesielle behov når de tingar omvising. Dette gjeld også skular/barnehagar.
Skule og barnehage
Vi tilbyr ulike opplegg for barnehage, grunn- og vidaregåande skule og høgskular. Desse tilboda er gratis og bestilling sendast på e-post til museumpedagog Trine Anette Fostervold på trifos@misf.no
Toppbilde: Folk på omvising på Nordfjord Folkemuseum. Foto av Espen Mills.