Nordfjord Folkemuseum tilbyr eit vidt spekter av formidlingstilbod for dei fleste årstrinn gjennom månadane februar-juni og august-desember kvart år.
Innhaldet i opplegga baserast på museets fagområde, bondekultur og tradisjonelle levesett i Nordfjord, er tilpassa oppdaterte kompetansemål og kan skreddersys etter ynskje.
Gå inn på Digital Museum Skole for å sjå kva tilbod vi har til ein kvar tid, og bestill formidling for deg og din klasse!
Har du nokon spørsmål angående tilbod for skule og barnehage, ta kontakt med museumspedagog Karoline Stubberud Eide på tlf. 48 10 61 00 eller kareid@misf.no
Utforsk og bestill på DigitaltMuseum Skole
DigitaltMuseum Skole er den nye nasjonale portalen for undervisingsopplegg på museum. For å utforske og bestille dei forskjellige opplegga vi tilbyr, trykk på knappen nedanfor. Her får du oversikt over trinn, fag, kompetansemål og andre ting du treng å vite for å planlegge. Vel eit opplegg, og fyll ut skjema.
Viktig: Tilboda våre er under utvikling, og endringar kan skje. Nye tilbod kjem til, andre går ut.