Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum

Planlegg besøket ditt

Her er vi

Nordfjord Folkemuseum ligg på Sandane i Gloppen kommune. Følg skilting frå E39. Du finn oss i "Jølet", bak kulturanlegget Trivselshagen og Firda vidaregåande skule.

Nordfjord Folkemuseum
Gota 16
6823 Sandane 

Opningstider

1. februar — 16. juni
Tysdag-fredag: kl. 11-16

Museet er stengt alle raude dagar i mars og mai: Påskedagar 28. mars-1.april, 1.mai, 9. mai, 17.mai.
17. juni — 31. august
Opningstider: måndag-søndag: kl. 11-17
1. september — 31. desember
Tysdag-Fredag: 11-16

Billettprisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Born 0–17 år: 0 kr
  • Student/Honnør: 90 kr
  • Årskort MiSF: 390 kr
  • Museumspass (sesongkort 2mnd): 220 kr
  • Omvisning for gruppe m. museumsguide: Ta kontakt for pris
Årskortet er eit tilbod til dei som brukar eller vil bruke museet sitt ordinære tilbod fleire gongar gjennom året. Årskortet gjev ikkje fri entre til arrangement med eigne billettar og inkluderar ikkje gratis publikasjonar.

Ein må løyse billett om ein vil besøke museet i opningstida, også friluftsmuseet (Jølet).
Gratis*: Born under 18 år – skulegrupper – følgje for personar med funksjonsnedsetting – reiseleiarar/sjåførar – pressekort – medlem av NMF/ICOM.

* Også desse må registrerast i resepsjonen. Skule- og barnehagegrupper må avtale med museet på førehand.

NB! All organisert aktivitet må avtalast på førehand med museet.

Kontaktinformasjon

Nordfjord Folkemuseum
Gota 16
6823 Sandane

Fakturaadresse

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
Avd. Nordfjord Folkemuseum
Gota 16
6823 Sandane

Kafé

I utstillings- og administrasjonsbygget finn du ein liten kafe med enkel servering.
Etter avtale kan grupper bestille servering. Kafeen har same opningstider som museet.

For gruppe-bestillingar, kontakt resepsjon- og butikkansvarleg Ingvild Førde på telefon 480 63 234 eller e-post ingfor@misf.no.

nordfjord-folkemuseum/natronkaker.jpeg.

Museumsbutikk

I museumsbutikken kan du kjøpe "historiske" ting, gåver og suvenirar, barneleiker, postkort med motiv frå museet og plakatar av ulike kunstnarar frå Nordfjord. Vi har og eit rikhaldig utval av lokalhistorisk litteratur.

Musemsbutikken er open for alle, òg utan billett, og følgjer museet sine opningstider.

Kontakt

Resepsjon- og butikkansvarleg Ingvild Førde på telefon 480 63 234 eller ingfor@misf.no.

nordfjord-folkemuseum/museumsbutikk.jpeg.

Parkering

Parkeringsplass finn du ved Trivselshagen bad og idrett / symjehallen.

Museet har eigne parkeringsplassar tilrettelagt for nedsatt funksjonsevne ved inngongen til friluftsmuseet.

Tilrettelegging

Våre utstillingslokaler, kafé og museumsbutikk i administrasjonsbygget og Frislidlada er universelt utforma og tilrettelagt.

Friluftsmuseet har grusvegar og plenområder, og noko kupert terreng.