Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane

34 av dei historiske båtane hjå Musea i Sogn og Fjordane har nådd si siste kvile. I båtmagasinet på Tinghuset blir dei undersøkt, reingjort og registrert. Kanskje får ikkje alle bli. Sjå korleis konservatorane vaktar porten til båthimmelen.

To personar heng over ripa på ein gamal trebåt.

Smak på dette ordet: båtprioriteringsprosjektet. Det er god tungegymnastikk. Det handlar om å finne ut korleis ein skal velje kva båtar som skal få «evig liv» hjå Musea i Sogn og Fjordane.

I filmsnutten ovanfor såg du kor stor plass 34 båtar tek. Til saman har Musea i Sogn og Fjordane 144. Det inkluderer to som er så store at dei anten krev sitt heilt eige hus eller må i tørrdokk på skipsverft for å få vedlikehald. Samtidig finst det båtar der ute som musea burde hatt i samlinga, men ikkje har plass til. Noko må gjerast.

Krafttak for båtsamlinga

15 år etter at vi slo oss saman til Musea i Sogn og Fjordane, og vi har fått eit nytt, stort felles magasin, tek vi eit nødvendig løft for båtsamlingane. Målet? Først få ei skikkeleg god oversikt og mest mogeleg kunnskap om den enkelte båt. Så avklare kven av dei som får bli med vidare. Etterpå vil det kanskje vere rom for båtar som enno ikkje har kome igjennom magasin-porten.

Botnen og tofta på ein gamal trebåt.
På bildet ser du botnen av ein Sunnfjordbåt. Det er ein såkalla dinosaurbåt, som betyr at det er brotne linjer til dei som kunne bygge den. Det er ein båttype ein slutta å lage siste del av 1800-talet. Men vi veit kva delene heiter. Kjøl, hals, saum, band, snelle og bete. Kjølen er det smale bordet i midten, som stikk ned i vatnet under. Hals er det nedste bordet som stikk ut frå kjølen. Saumen er jarn-naglen som held to bord saman. Bandet er tverrtreet borda ligg utanpå. Snella er tappen som stikk opp frå det. Beten, eller kneet, er den doble fjøla over.

No skal du få bli med å fossro gjennom ein viktig del av båtsamlinga vår. Du skal få lære tre ting.

  1. Korleis fagfolka våre jobbar med å kartlegge båtane.

  2. Kva som kjenneteiknar tre båtar som er typiske i vår region – sunnfjordbåt, sognebåt, og nordfjordbåt.

  3. Kva museum du kan besøke for å sjå tradisjonsbåtane.

Heng med – når du er ferdig, skal du også ha plukka opp enno fleire båtfagleg sterke ord og uttrykk du kan imponere venene dine med eller reflektere over når du besøker oss.

Sunnfjordbåt

Konservator Georgina McDowall frå Kystmuseet leier arbeidet med kartlegginga. Her jobbar ho saman med museumshandverkar Kjetil Bergmo ved De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. Han har også bakgrunn som båtbyggar. Det første dei gjer med ein båt, er å ta mål. Lengde og breidde. Dei går inn i ein database som heiter Primus, ein server der dei fleste museum i Norge registrerer sine gjenstandar. Ho sjekkar om målinga stemmer med tidlegare registreringar.

Kvinne med blå eingongshanskar held eit måleband over ripa på ein gamal trebåt.
McDowall måler breidda på ein sunnfjordbåt. To tydlege kjenneteikn på dette bildet - snellekeipen og ripebordet. Forklaring nedanfor. Trykk på bildet for å sjå oppføringa på digitaltmuseum.no

Kjenneteikna på ein sunnfjordbåt er

  1. Y-kjøl og flat botn. Halsen, eller det nedste bordet, er så vridd at det det må ha vore høgd ut for å få forma.

  2. Snellekeipar. To pinnar, sneller, stikk ned under keipane (der du har årene). Keipen er nagla i ripebordet og ripstøa, snellene står ned i esinga.

  3. Snelle er det også mellom bånd og bete, sjå to bilder ovanfor.

  4. Ripestø, ei foring på ripebordet, som keipen er festa til. Dette er for avstiving.

  5. Båtbyggarane slutta å lage sunnfjordbåten i siste halvdel av 1800-talet, fordi haveigenskapane med den flate botnen vår dårlegare enn til dømes nordfjordbåten. Måten sunnfjordbåten vart bygd på, var også meir ressurskrevjande enn dei andre.

Kan du sjå att kjenneteikna på sunnfjordbåten?

Sognebåt

Neste steg i kartlegginga er å vurdere tilstanden til båten. Dei ser nøye over kvar einaste ein, frå framstamn til bakstamn. Innsida og utsida. Er det skadar, reparasjonar, modifiseringar, spor etter skadedyr? Har båten spesielle kjenneteikn? Denne sognebåten har fått ein ny keip, åreleie. Alt dei finn, sjekkar dei opp mot Primus, og legg til om dei gjer nye funn.

PErsonar bøyer seg over ripa på ein trebåt og undersøker keipen, der åra skal ligge.
Her undersøker McDowall og Bergmo skjeggkeipen på ein sognebåt. Denne har Kystmuseet overtatt etter Terje Planke ved Norsk Folkemuseum. Han var med båtbyggar Johan Høl og bygde to sognebåtar. Dei var med i hovudfagsoppgåva til Planke, og er viktig for kunnskapsoverføringa om byggeteknikken for sognebåten. Trykk på bildet for å sjå registreringa på digitaltmuseum.no

Kjenneteikn på sognebåt

  1. T-kjøl.

  2. Skjeggkeipar. Keipane har ikkje snelle under som sunnfjord- og nordfjordbåten, men ei fjøl som ligg over ripebordet til esinga, og kan minne om eit skjegg.

  3. Esinga er spinklare enn på dei to andre båtane. Men framleis går den mellom rongane. Rong er spantet eller tvertreet forma som ein V i fram- og bakskuten på ein båt.

  4. Utan ripestø, altså foring på det øvste bordet på båtsida. I staden har den lenger betar med kne, som går heile vegen opp til toppen av ripebordet. Ingen snelle mellom bete og bånd.

  5. Laga for å farte på Sognefjorden, mindre vêrtolerant enn nordfjordbåt.

Tverrsnitt av nordfjordbåt som viser at kjølen liknar ein T.
Bildet syner eit tverrsnitt av ein sognebåt. Kjølen er forma som ein T, som gjev den namnet. Denne båten har hatt fire omfar. Nedst er botnbord, så stamnvindebord, overslagbord, der esingtroa er festa og ripebordet øvst. Kneet støttar ripebordet, som er utan ripstø. Foto: Kjetil Bergmo.
Sognebåt i Tinghuset, ein færing med fire skjegg-keipar, utan ripestø og sneller.

Nordfjordbåt

Etter at fakta om båten er skikkeleg kartlagt og dokumentert, står det att reingjering. Alle gjenstandar som skal ha eit langt liv, bør vere så reine som råd er. Nedanfor støvsugar Bergmo ein nordfjordbåt som vart rodd på torskefiske fram til 1920. Børste og pinnar blir brukt til å pirke laust organisk materiale som har festa seg både på utsida og innsida. Enkelte båtar kan ha vore behandla med giftige kjemikaliar før dei hamna på museum. I arbeid med desse skal dei tilsette nytte verneutstyr som hanskar og støvmasker.

misf/2024-09-18_10-17_tinghuset_batprioritering-6.jpg.

Børste og støvsugar er gode hjelpemiddel for å reingjere gamle båtar. Denne nordfjordbåten er ein åttring.

Kjenneteikn på nordfjordbåt er

  1. T-kjøl, liknande sognebåt.

  2. Snellekeiper nagla i ripestøa og ripebordet og snelle ned i esingen.

  3. Sneller mellom band og bete (kne), som sunnfjordbåt.

  4. Ikkje alle nordfjordbåtar har ripestø. Då har dei kompensert med fleire opplengarar som går heile vegen opp.

  5. Nordfjordbåten toler meir sjø enn sunnfjordbåten. Dette er på grunn av forma på skroget, som blant anna er langt mindre flat i botnen. Den er utvikla for å kunne ro eller segle ut av fjordane og ut på kysten, der det var meir fisk – og meir sjø.    

Nordfjordbåt - ein åttring, altså fire keipepar.

Alle tre er klinkbygde

Sjølv om desse tre båtane har ulike eigenskapar og er bygd litt forskjellig, har dei noko heilt grunnleggande til felles. Dei er bygd med klinkbyggarteknikk. Det betyr at bordgangane ligg mot eit band, der dei overlappar kvarandre med ein "su". Slik dannar borda eit skal kalla "hud". Det vert heldt saman med «saum» (ein nagl) som vert klinka mot ei «roe» (metallplate). Dette er ein nordisk teknikk som er ein godt over 2000 år gamal tradisjon. Den er oppført på Unesco si kulturarvliste.

Ein liten nerdedetalj som du skal få på tampen – enno ein ting dei har felles: Esinga, altså lista på toppen av slagbordet, som er bord nummer tre på desse båtane, sluttar ved rongane. Rongen er spantet eller tvertreet forma som ein V i fram- og bakskutane. Det er rongen Kjetil støvsugar på bildet ovanfor. Som du ser, sluttar esinga ved rongen.

Eit stykke tre festa øvst på ei båtripe til å legge åra i.
Dette er ei snellekeipe nagla i ripestøa og ripebordet. Snellene er pinnane som går mellom keipen og esingen under. Dette er ein nordfjordbåt. Trykk på bildet for å lese detaljar om båten på digitaltmuseum.no.

Dei to første båtane vi såg nærare på her er færingar, altså firåring. Den vil då har fire keipar. Dette har oftast vore nærbåten, den ein har heime og brukar til alt. Den hadde ofte ikkje segl, for ein skulle ikkje så langt, men ut på ærend eller fiske i nærområdet. Nordfjordbåten vi har sett nærare på her, er ein åttring, og kan roast i større sjø på kysten.

Størst båtsamling i landet

Til saman er det registrert 1895 båtar ved norske museum. Den største samlinga av alle er ifølgje tal frå Kulturdepartementet dei 144 hjå Musea i Sogn og Fjordane. Det er mange mogelegheiter for å sjå nøyare på dei. Vi har lovd å fortelje i kva museum du kan besøke for å sjå nokon av tradisjonsbåtane våre. Oversikta får du nedanfor.

Sogn Fjordmuseum

Familie med to barn ser påå på stor båt med segl inne i museum.
Storebåten på Sogn Fjordmuseum. Trykk på bildet for å besøke nettsida til museet.

Ein stor del av utstillinga på Sogn Fjordmuseum i Kaupanger er båtar. Der kan ein sjå den ruvande Skåsheimbåten, ulike variantar av sognebåt, staseleg dekorerte vengbåtar og ein isbåt.

Nordfjord folkemuseum

Publikum ser utstilling med ein nordfjordbåt.
I den faste utstillinga "attåt" kan du sjå ein nordfjordbåt utstilt. Sommaren 2025 vil vi opne eit eige verne- og formidlingsbygg for Holvikejekta. Trykk på bildet for å besøke nettsida til museet.

Nordfjord Folkemuseum har i tillegg til variantar av nordfjordbåt, den mest berømte av alle båtane våre, Holvikejekta. Det er av dei mest bevaringsverdige båtane i landet. Sommaren 2025 flyttar den inn i nytt verne- og formidlingsbygg på Sandane. 

Kystmuseet

Sommarvert har omvisning med publikum i Båthallen.
Omvising i båthallen på Kystmuseet. Her er det mange båtar i ulike storleikar og variantar, med og utan segl og ulikt fiskeutstyr. Trykk på bildet for å besøke nettsida til museet.

Kystmuseet i Sogn og Fjordane har ein stor båthall spekka med sunnfjord- og nordfjordbåtar, notbåtar og Bakkejekta frå 1750. Det er ein av Norges eldste bevarte båtar. Kystmuseet har også autolinebåten Haugefisk - men den er frå ei heilt anna tid.

Sunnfjord Museum

Sunnfjord  Museum sende båtsamlinga si til Kystmuseet då museet vart flytta til Movika i 1959. Samlinga dei har på museet i dag, er difor ikkje så stor. Ein kan få sjå enkelte klinkbygde tradisjonsbåtar der i sommarhalvåret.

Vil du lære meir?

Det er litt herleg med påfyll av kunnskap, er det ikkje? Vil du vite meir om båtsamlinga og få andre forteljingar frå Musea i Sogn og Fjordane? Då kan du registrere deg og få vårt nyheitsbrev ved å trykke på knappen nedanfor.