– Dette er midt i smørauget for meg. Her har eg kome i eit miljø med stor fagleg djupne på mange område, med mange spennande arbeidsoppgåver, seier Torkel Reed Herstad.
Han har nett starta i ei kombinert stilling som bygningsvernrådgjevar og handverkar på Nordfjord Folkemuseum. Det betyr at halve arbeidstida skal han bruke på praktisk arbeid på museet (meir om det seinare), medan den andre halvdelen vert publikumsretta: Personar med ansvar for eldre eller verneverdige bygg i Nordfjord, kan kontakte han og be om råd og rettleiing.
Bygg og byråkrati
– Det kan vere å foreslå løysingar på praktiske problem innan vedlikehald og restaurering, eller rådgje med tanke på ulike støtteordningar. Mange huseigarar har ikkje kunnskap om å ta vare på hus, og det er då eg kan stille meg til rådigheit, seier han.
Reed Herstad er opptatt av bruken av gamle hus, og vern gjennom bruk. Det står mange tomme og fråflytta hus som kunne klart seg, om ein tok dei i bruk.
– Ofte tenker ein at det enklaste er å rive huset, gløyme det gamle og sette opp noko nytt. Men då taper vi mange verdiar, som estetikk, trivsel og historie. Eg er tilhengar av å ta vare på kulturarven, heller enn å røske den vekk. Vi må finne vegar innanfor vernet som gjer at det vert enklare for folk å ta vare på gamle hus, seier han.
Båtbyggarbakgrunn
Etter nokre dagar i den nye jobben, er han veldig spent, og open på at han nok vil trenge tid til å vekse seg inn i rolla. For bakgrunnen er kanskje ikkje heilt som ein kunne forvente. Det er nemleg klinkbygde tradisjonsbåtar som har vore Reed Herstad sin tre-faglege lidenskap. Etter at bergensaren gjekk linja segling av tradisjonsbåtar ved Fosen folkehøgskule, var det båtbyggjar han ville bli. Han kom i lære hjå Ornes båtbyggeri i Luster, og tok fagbrev der i 2020. Sidan har en bygd seks tradisjonsbåtar med eigne hender, og reparert eit utal.
– Etter kvart hadde eg lyst ha fleire bein å stå på, så eg tok det toårige studiet klassisk bygningshandverk og restaurering ved Fagskulen Vestland. Der lærte eg klassiske fagteknikkar for å ta vare på eldre bygg. Det var eit gjevande studium, der eg fekk prøvd mykje forskjellig, seier han.
Livets lotteri trakk Gloppen
Lykkehjulet trilla vidare, og plutseleg fekk han moglegheita til å ta over garden etter bestemor si på Reed i Gloppen. Han tok sjansen på å forlate Ornes, og tok over bruket for eit år sidan. Sidan har han brukt mykje av tida på å pusse opp og renovere der.
– Så i vinter dukka denne stillinga på museet opp. Den passa perfekt med tanke på utdanning og arbeidsstad. Det å jobbe på ein stad med veldig mykje kunnskap og mogelegheiter til å utvikle seg fagleg, gjorde at eg måtte søke. Eg har ikkje mange års erfaring med gamle bygningar, men det er ein naturleg overgang å utvide kunnskapen om tradisjonshandverk med tre frå båtar til bygningar. Så no er eg her, smiler han.
På Nordfjord Folkemuseum vil han bidra med vedlikehald på dei 44 kulturhistoriske bygga i saman med museumshandverkar Elling Hauge. Som på alle friluftsmuseum er det nok å ta tak i.
– Det er mange spennande oppgåver, blant anna Heggdalsloftet som skal plukkast ned og gjerast utskifting på, avsluttar han.
Meir informasjon i haust
Reed Herstad vil jobbe saman med kollega og bygningsvernrådgjevar Joakim Heltne ved De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. Dei neste vekene vil Musea i Sogn og Fjordane samordne rådgjevingstenesta. I løpet av hausten kjem det meir konkret informasjon om kva tenesta kan tilby.