Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Kvinne inne i lafta bygg, ser mot eit vindauge sett saman av fire grøne flaskebotnar.
Publisert 04/06/2026
Av Henning A. Hellebust

Ferietips: 13 opplevingar å bli rikare av

Vi har laga ei tipsliste for ferien, med opplevingar du garantert kjem til å lære noko nytt av.

Kva med å bruke sommaren til å fråtse i opplevingar som gjev deg kunnskap? Vi har sett opp forslag til ein «Tour de Museum» med høgdepunkt frå Musea i Sogn og Fjordane. Lista er delt opp i ulike tema, med folkemuseum, kunst, næringsliv, båt, fjord og kyst.

Opplev kulturarv på folkemuseum

Opplev kunst

Smilande kvinne med blå hanskar held eit oljemåleri av eit fargerikt rom i brun ramme.

Løftar fram gløymd storheit

Ho måla til ho var 102 år gamal, og spesialiteten var portrett av barn. Kurator Kristine Kolrud ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde har pakka den hardtarbeidande Frida Rusti (1861-1963) fram frå gløymselen med ei eiga utstilling.

Smilande kvinne står ved eit landskapsmåleri på eit staffeli, med det same landskapet i bakgrunnen.

Grøne høgdepunkt

Lærdal vert aldri det same etter at du har sett Hans Gjesme (1904–1994) sine grøne landskapsbilete derifrå. Kurator Ingrid Norum har sett saman utstillinga "Høgdepunkt", der du også får gjesmeperler av arkitektur, byliv, stilleben, portrett og skildring av sjukdom og einsemd på Gaustad sjukehus.

Lav morgonsol i grønt landskap med gamalt bygg.

Oasen i Jølster

I vår fekk hagen etter kunstnarparet Nikolai og Engel Astrup den høgthengane Europa Nostra kulturarvsprisen. Eit mangeårig restaureringsprosjekt i Astruptunet har gitt nytt liv i den grøne oasen. Her kan du oppleve eit mangfald av vekstar, rusle på stiane, kvile på benkane. Få også med deg den nye utstillilnga "Ein kreativ heim"!

Smilande kvinne viser fram vevnader som heng på ein vegg.

Skaparkraft i vevstolen

Eikaasgalleriet i Jølster skildrar korleis kreative kvinner har funne eit levebrød gjennom vevstol og anna kunsthandverk i Jølster. Olin Steinsvik har vore med og samla vevnader og anna handverk, og fortel ei historie om hardt arbeid og lange trådar i utstillinga «Livsnerven – frå stove til atelier».

KVinne som pakkar ut eit nasjonalromantisk måleri av ein trebåt med segl på ein fjord.

Bileta som skapte turisthistorie

Med måleri av krappe fjordbølgjer eller ungjenter i folkedrakt, inspirerte Hans Dahl overklasse og kongelege frå Europa til å besøke Balestrand og Vestlandet. I ei ny utstilling viser Guri Våge Mossige ved Norsk Reiselivsmuseum korleis Dahl sette Norge på turistkartet.

Opplev båt, fjord og kyst

Opplev historisk næringsliv

Kart og pass

Fleire opplevingar

Sjå alle