De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
Gardstun i sol, blomstereng med hes.
Frå røykstove til vass-seng: bygningar og liv i Sogn gjennom 500 år

De Heibergske Samlinger – Sogn folkemuseum forvaltar eit rikt bygningsmiljø med totalt 45 antikvariske bygningar. Av desse er 40 sette opp på museumsområdet, medan fem førebels er lagra. Bygningane spenner tidsmessig frå 1500-talet og heilt fram til slutten av 1900-talet, og gjev eit bilete av byggjeskikk, bustadformer og levesett i Sogn gjennom fleire hundreår.

Frå parkanlegg til bygningsmiljø i tun

I den tidlege fasen, då museet heldt til på Gjert Falch Heiberg sin gard i Amla, vart husa stilte opp meir som ei rekkje einskildobjekt i ein park. Då museet vart flytta til dagens lokalitet på Vestreim på 1970-talet, vart det lagt større vekt på samanheng og landskap. Arkitekt Arne Berg utarbeidde då ein heilskapleg plan for plassering av bygningane, der gardsbygningar vart samla i tun slik dei opphavleg kunne ha stått.

I dag er bygningane organiserte i fleire gardsmiljø, mellom anna Indre Sogn-tunet og Midtre Sogn-tunet. For tida er Ytre Sogn-tunet under oppbygging, med Hemrebui som ein sentral del. Les meir om gjenoppføringa av Hemrebui her: https://misf.no/de-heibergske-samlinger/prosjekt/gjenoppfoering-av-hemrebui. Desse tuna viser korleis naturleg ressursgrunnlag, topografi og sosiale strukturar har prega byggjemåten.

de-heibergske-samlinger/indresogn-tunet-msf-03593.jpg.
Indre Sogn-tunet er organisert slik eit tun kunne ha sett ut i dei indre delane av Sogn.

I tillegg til sjølve gardsmiljøa rommar museet fleire bygningar som fortel andre historier.

På strandsitjarplassen Henjasanden møter ein kvardagen til folk som livnærte seg av kombinasjonen jordbruk og fiske, ein slags jordlause husmenn med arbeid på sjøen eller på nærliggjande gardar. Bustader frå øvre samfunnslag, som Kvitevollstova og prestegarden frå Vik, gjev innblikk i heilt andre levekår og arkitektoniske ideal.

de-heibergske-samlinger/skuledag-om-vatn-msf-03440.jpg.
Strandsitjarstaden Henjasanden gir innblikk i livsforma til dei jordlause strandsitjarane.

Ein ryttar med pistol

Bygningane i museet si samling er fulle av detaljar som vitnar om både kreativitet og estetisk sans. Geithusbui frå Arnefjord i Vik kommune frå 1596 er eit fint døme på tømrarkunsten med sine jamnhogge material, og novhovud/laftehovud med fine konturlinjer. At bygget er eit stasbygg viser òg av det eit sjeldne glasmåleriet i brystveggen på lemmen. Glasmaleriet består av ei rektangulær rute med fire ruter rundt, og kan vere like gamalt som bygningen sjølv. I ruta i midten utgjer motivet ein mann på hesteryggen med ein pistol i handa. Glasmaleriet er truleg laga av ein glasmakar i Bergen, og vitnar om handel i regionen, og behovet for å tileigne seg statussymbol i bygdene.

de-heibergske-samlinger/ekspo_2.jpg.jpg.
Eit glasmaleriet som dette i Geithusbui er sjeldne å finne anna enn i kyrkjer her til lands.

Lensmannsstova frå Undredal

Det første huset som kom til museet var Underdalsstova, som vart flytt til museet i Amla allereie i 1903. Stova er ei røykomnsstove med  ljore, der røyken frå den opne røykomnen kunne sleppa ut. Stova har også ein peis som er bygd saman med røykomnen som viser at ho er bygd på eit tidspunkt der dei to «omnsteknologiane» overlappa. Eit slåande element ved bygningen er det vesle vindauget på langveggen med fire små, glasruter. Rutene er av såkalla kronglas, som er den tidlegaste typen vindaugsglas som vart framstilt frå midten av 1700-talet ved glasverka i Norge. Dette var ei eksklusiv vare, som var vanskeleg å produsere. Kronglaset vart blåst til store blærer som vart opna i toppen og dreia ut til runde skiver. Midten av skiva, der blåsepipa hadde vore festa var litt tjukkare enn resten av glasskiva, og var såleis av dårlegast kvalitet. Det er denne delen av kronglaset vi ser eit døme på i Undredalsstova.

Freda loft med geitesikker trapp

I det freda Vigdalsloftet ser vi impulsar av byggeskikk frå både Luster og Gudbrandsdalen. Loftet stod opphavleg på garden Nedre Vigdalen, og vart brukt som overnattingsstad for folk som kryssa fjellet mellom Sogn og Gudbrandsdalen. Det går ei bratt og smal trapp opp til loftet, utforma slik at ho er mogleg å gå i for folk, men vanskeleg for geiter og andre dyr å klatre i.

 

de-heibergske-samlinger/vigdalsloftet-de-heibergske-samlinger-msf-06259.jpg.
Den bogeforma trappa på Vidalsloftet er utforma slik at geitene ikkje kan klatre opp.

Ei vaktstove frå det gamle vetesystemet

Ho kan sjå nokså ordinær ut, den vesle stova som står plassert litt høgt og for seg sjølv på museumsområdet. I realiteten ber denne bygningen på ei dramatisk historie som vetestove. Vetestova stod opphavleg på fjellet Vetanosi, om lag 1100 m.o.h. på eit strategisk punkt mellom Lærdalsøyri og Fodnes. Stova vart brukt som vaktstove for dei som skulle varsle om framande skip som segla inn fjorden. Ved behov for varsling kunne dei tenne eit bål, kalla veten eller varden. På denne måten kunne våpenføre menn samle seg for å forsvare bygda,- eit system som kan sporast i kjeldene tilbake til Håkon den godes tid på 900-talet.

 Hus frå 1900-talet

Frå 1980-talet byrja museet målretta å byggje opp ei eiga 1900-talsavdeling. I dag omfattar denne hus frå 1939, 1964 og 1987, som viser korleis nye byggjemateriale, tekniske løysingar og bustadideal gradvis endra kvardagslivet også i Sogn.

Blant kuriositetane i 80-talshuset finn vi m.a. ei ekte vass-seng, som i løpet av kort tid gjekk frå å vere eit viktig statussymbol  til å vere fullstendig utdatert. I dag er vass-senga ein type gjenstand frå dette tiåret som sjeldan er bevart, og som såleis viser kvifor musea også har ei viktig rolle i samtidsdokumentasjon.

 Hus frå ulike næringar og samfunnsliv

På museumsområdet finst òg bygningar som viser nærings- og samfunnsliv, mellom anna kvern, og ei skulebygning frå Helgheim folkehøgskule. Ved Fjordmuseet høyrer ei skjenkestove frå Gulen med, som fortel om reiser, handel og sosialt liv langs fjorden.

Utanom museumsområdet på Vestreim forvaltar museet fleire kulturhistorisk verdfulle anlegg: ei sag på Tingastad, ei mølle og ein villa i Sogndalsfjøra. Desse utvidar forteljinga om regionen og knyter museet tettare til landskapet og lokalsamfunna rundt.

Museet har i dag fem bygningar som ligg lagra: Fossenstova, ei hytte frå 1970-talet, Goroselet og eit naust. I tillegg eig museet eit meieri, men dette er i så dårleg forfatning at det per no ikkje ligg føre planar om gjenoppføring.

Til saman utgjer bygningane ved De Heibergske Samlinger eit mangfaldig og levande kulturhistorisk kjeldemateriale – frå staselege stovhus til enkle buer, frå forseggjorde detaljar og ymse handverk. Kvar bygning har sin historie, og saman fortel dei historia om menneske, landskap og liv i Sogn.

Les meir om dei einskilde bygningane her:
https://misf.no/de-heibergske-samlinger/husa-og-bygningane-vaare

Gjenoppføring av Hemrebui

de-heibergske-samlinger/hemrebui.jpg.

Sengebua Hemrebui kjem frå Nordeide i Høyanger kommune og har også vorte kalla Nordeidebui. De Heibergske Samlinger - Sogn folkemuseum er no i gang med å gjenoppføre bygget. Dette er ei freda sengebu, som tidlegare stod oppført på det gamle museumsområdet i Amla. Hemrebui har vore oppbevart på lager i ein lengre periode, i påvente av prosessen vi no har sett i gang.

Bua har ei lang historie, både på museet og utanfor, og har blitt flytta fleire gonger tidlegare. Prosessen vi no arbeider med, inneber både ei gjenoppføring og restaurering på same tid. I arbeidet med å reise opp att bua, blir det gjort løpande tilstandsvurderingar av handverkarane, der ein tek avgjerder om reparasjonar, naudsynte utskiftingar av bygningsdelar, med meir. Dette arbeidet blir utført med så høg grad av autentisitet som mogleg, både når det gjeld bruk av rette verktøy og metodar, men òg materiala som blir nytta i naudsynte reparasjonar. Sidan Hemrebui er freda, skjer arbeidet i tett dialog med sentrale vernemynde og fylkeskommunen, for å sikre at prosessen blir gjennomført på ein god måte, og for å sørgje for eit godt resultat.

Historikk
Hemrebui er bygd i to høgder. Utvendig over døra står innskrifta «anno 1621 den (f)emte: avgvstvs bo ras eg hand», og på sjølve døra er det skore inn «jesv». Dette har vorte tolka som at Hemrebui vart bygd i 1621. Jesu namn innskore i døra er truleg ei inderleg bøn om vern for dei som sov i bua. Alderen på andre høgda er uviss. Hemrebui har tre senger etter einannan slik som Geithusbui, men berre langs den eine veggen. Desse sengene er uvanleg godt utforma, med utskjeringar på sengestolpane.