De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/dhs-sf-thomas-bickhardt-bickfoto-(47).jpg.

Kunnskap

Samling, forsking og bevaring

Samlinga vår er ein viktig del av kulturarven i Sogn. Den er grunnlag for forsking, bevaringsarbeid og utstillingar. Les om arbeidet, søk i samlingane eller finn ut korleis kontakte oss med spørsmål om samlingane.

Det har vorte samla gjenstandar til De Heibergske Samlinger sidan gjrunnleggjar Gjert Falck Heiberg, tok til å samle bondegjenstandar frå Sogn, og reiskapar frå heile Noreg i åra kring 1900. denne innsamlinga skulle visa seg å bli både starten på eit samlarlivsverk og eit folkemuseum i Sogn.

Heibergs museum starta som ei privat samling, men alt i 1909 overdrog han den til det nystifta Historielaget for Sogn. Samling omfatta alt då mellom anna 3000 gjenstandar, eitt hus og ein runestein. Sidan då har det skjedd mykje, både når det gjeld innsamling, forsking og bevaring av samlinga.

Samlinga vår

Samlinga til De Heibergske Samlinger- Sogn Folkemuseum inneheld omlag 50 000 gjenstandar, av desse er 28 000 katalogisert. Ein stor del av samlinga er førindustriell jordbruks- og handverksreiskap. I tillegg har museet ei stor samling gjenstandar knytt til hus, heim og personleg bruk, frå mellomalderen og fram til i dag.

I friluftsmuseet er si stor samling bygningar, dei eldste frå mellomalderen, det nyaste eit bustadhus frå 1989.

Forsking og bevaring

Vi driv også med forsking og kunnskapsutvikling på De Heibergske Samlinger- Sogn Folkemuseum. Vi forskar på samlinga, gjenstandar, bygningshistorikk og levd liv.

I staben har vi samlingsforvaltar, konservator og tre handverkarar.