I Sogn har menneska tradisjonelt levd av og med landskapet og naturen. Frå å leve av jakt og fangst gjekk menneska over til å vere meir bufaste og til å drive jordbruk om lag 4000 f.v.t. Likevel tok det omkring 1500 år før vi kan snakke om jordbruket som ein viktig leveveg i områda langs Sognefjorden.
Levemåten til menneska gjer store utslag i korleis landskapet blir brukt, og prega. I det menneska tok til å halde husdyr og å dyrke jorda byrja dei òg så smått å endre naturen rundt seg gjennom aktivitet som husdyrbeiting, slått og styving. I tillegg vart delar av jorda nytta som åker til dyrking av vekstar. Slik vart det som ein gong var naturområde endra til det vi kallar for seminaturlege naturtypar, og kulturlandskap.
Forminga av eit museumslandskap
Dagens museumsområde på De Heibergske Samlinger ligg på eit område som tidlegare var eit utmarksareal til garden Vestrheim, og to husmannsplassar under denne. Før museumsområdet vart etablert bestod landskapet her av furuskog, myrer og tjern, men også spor etter jordbruksdrift i form av beite, slåttemarker og styvingstre.
Då det vart beslutta å flytte museet frå Amble gard til dagens område, laga arkitekt Arne Berg ein plan for både bygningar og landskap. I Berg sin plan vart dei antikvariske bygningane grupperte i tre tun som representerte dem geografiske inndelinga Indre, Midtre og Ytre Sogn. På denne måten ville museet kunne vise variasjonen i byggeskikken langsmed Sognefjorden, frå østlandspåverka loft, tømra løer og akershusiske stoveformer innerst, til grindbygg og steinbygningar ytst i fjorden. På same måte skulle landskapet i tuna romme kulturlandskapselement som kunne vise korleis folk på gardane hadde livnært seg i det førindustrielle bondesamfunnet.
Kulturmarkstypar og kulturmarkselement
Frå vi byrja på oppbygginga av museumsområdet og fram til i dag har vi langt vekt på å få fram eit variert kulturlandskap som representerer noko av det du ville ha funne i det før-moderne jordbrukslandskapet langs Sognefjorden.
Allereie då museumsområdet vart planlagt i 1970-åra, var det planlagt innmarksareala rundt gardstuna. Det vart frå starten lagt vekt på at kulturlandskapet skulle utgjere rett kontekst til tuna og bygningane, og vere så heilskapleg og korrekt som mogleg. Dette vil i praksis seie at museumsområdet skulle bestå av eit vidt spekter av kulturmarkstypar, det også plante- og dyrelivet inngår som viktig premiss for at dette skal fungere.
Som utgangspunkt for arbeidet med kulturlandskapet på området vart det i 1990 skrive ein skjøtselsplan (Austad og Aaraas 1990). Ein eigen museumsbpnde vart tilsett på heiltid, samstundes som sesongtilsette utgjorde ein hustand i Indre Sogn-tunet.
Det nasjonale museumsnettverket for kulturlandskap
I regi av Kulturdirektoratet, er det i dag etablert 22 ulike faglege museumsnettverk som femnar over heile landet og som vert drifta av kvar sitt hovudansvarlege museum.
De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum er hovudansvarleg museum for Det nasjonale museumsnettverket for kulturlandskap. Vi har såleis ansvar for å sikre kvalitet og kontinuitet i arbeidet, koordinere forskingsprosjekt, og å arrangere nettverkssamlingar.

Kjelder:
Austad, Ingvild og Aaraas, Ola. 1990. De Heibergske Samlinger – Sogn folkemuseum. Landskaps- og driftsplan for friluftsmuseet. ISBN 82-7282-069-2