Planlegg besøket ditt
Velkomne til eit av norges største og eldste folkemuseum! Opplev levd liv i Sogn blant våre bortimot 40 historiske bygg, og spennande utstillingar.
Her er vi
Museet ligg på eit 110 dekar stort område på Vestreim, lett tilgjengeleg fra hovudvegen.
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum
Mannhellervegen 643
6854 Kaupanger
Slik kjem du deg hit
Kollektivt:
Rett ved museet ligg busstoppet "Sogn Folkemuseum", alle rutebussar stoppar her ved signal. Bruk EnTur eller Skyss sin ruteplanleggjar for å finne ruta som passar for deg.
Til fots:
Frå Vesterland feriepark er det 0,5 km å gå dersom du følgjer gamlevegen i bakkant av hyttene til grinda på baksida av museet. Følg vegen gjennom friluftsmuseet til hovudbygningen for å kjøpe billett.
Frå Kjørnes camping er det 4,2 km å gå. Følg vegen mot Vikane til endes, og fortsett på stien (gamlevegen) opp til Sogndal Fjordpanorama (Lem). Følg deretter riksveg 5 på utsida av autovernet der det er mogleg. Ta av mot Eidsgrenda. Etter ca. 0,5 km, gå inn på stigen til venstre. Gå inn grinda på baksida av museet. Gå gjennom friluftsmuseet til hovudbygningen der du kjøper billett.
Frå Sogndal Fjordpanorama er det 1,3 km å gå. Følg riksveg 5 på utsida av autovernet der det er mogleg. Ta av mot Eidsgrenda. Etter ca. 0,5 km, gå inn på stigen til venstre. Gå inn grinda på baksida av museet. Gå gjennom friluftsmuseet til hovudbygningen der du kjøper billett.
Opningstider
* vi held stengd 1., 14. og 17. mai
Billettprisar
- Vaksne (18+): 140 kr
- Born frå 0-17 år: Gratis
- Honnør/studentar: 110 kr
- Årskort: 475 kr
- Museumspass*: 270 kr
Besøkjande med følgjekort, MAF medlemsskap eller ICROM kort har gratis inngong
Kontaktinformasjon
6854 Kaupanger
Museumsvert: Anette Uglum Vikdal, anevik@misf.no
Museumsleiar: Trude Knutzen Knagenhjelm, trukna@misf.no
Parkering
Museet har eigen parkeringsplass for besøkande, med tilkomst direkte fra hovudvegen.
Merk at camping ikkje er tillate, då dette er ein privat parkeringsplass.
Tilgjengelegheit
Vi ønskjer at alle som besøker De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum skal få ei god oppleving, uavhengig av funksjonsnivå. Tilgjengelegheit er noko vi jobbar med, og vi erkjenner at det framleis er rom for forbetring. Her finn du praktisk informasjon som kan gjere besøket ditt enklare.
Kafé Heiberg
I museumskaféen vår, Kafé Heiberg, har me enkel servering, der du kan få nysteikte hellekaker, kaffi og mykje anna godt.
På Sogn Folkemuseum har me ein flott friluftskafé, med utsikt over området. Kafeen er open for alle, også utan billett, og held ope i museet si opningstid.
Museumsbutikk
I museumsbutikken finn du eit utval av bøker og tidsskrift, gaveartiklar, tradsjonelle leiker, og handverksprodukt i tekstil, tre og metall laga på museet. Butikken er open for alle, også utan billett, og held ope i museet si opningstid.
Billettsone i opningstida
Dersom du benyttar deg av tilbodet på museumsområdet vårt i opningstida må du kjøpe billett. Billett får du kjøpt i resepsjonen eller på nett (sjå informasjon lengre opp). Du treng ikkje billett dersom du berre passerer gjennom området på veg til turstiane.
Besøker du museet ofte? Kjøp eit årskort! Då kan du besøke oss, og dei 13 andre musea i Musea i Sogn og Fjordane så mange gonger du vil, i eitt år frå kjøpsdato.
Områdekart