De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/dhs-sf-thomas-bickhardt-bickfoto-(35).jpg.

Tilgjengelegheit

Her kan du lese om tilgjengelegheit på De Heibergske Samlinger

Parkering


Det er god og gratis parkeringsplass for besøkande, med reserverte HC-plassar nærast inngangen. Frå parkeringsplassen går det ein flat grusveg heilt fram til hovudbygget.

Hovudbygningen med kafé, butikk og utstillingar


Hovudbygget har inngang på bakkeplan med dobbel dør. Døra har ikkje automatisk opnar, men vi hjelper deg gjerne ved behov. Det er heis mellom dei tre etasjane med utstillingar. Utstillingane har stort sett breie gangar som gjer det lett å kome fram. I butikken tek vi betalingsformene kort, kontant og vipps.
Alle hjelpemiddel for personar med funksjonsnedsetting er tillate i utstillingane, til dømes førarhund.

Toalett


Vi har dame- og herretoalett, samt eit tilgjengeleg HC-toalett med stellematte.

Servering


I museumskaféen tilbyr vi enkel servering med kaffi, kaker og anna godt. Vi har alltid gluten- og laktosefrie alternativ, og vi strekkjer oss etter å tilby veganske val.

Inngangsbillett


Personar med funksjonsnedsetting betaler ordinær billett. Ledsagar med gyldig ledsagerbevis får gratis inngang.

Assistenthund


Vanlege hundar har ikkje tilgang til hovudbygget, men førarhundar og andre tenestehundar i arbeid er velkomne i alle område.

Friluftsmuseet

I friluftsmuseet er terrenget noko kuppert, med varierande tilkomst. Eit av tuna og nokre av enkelt husa er ikkje tilgjengeleg for rørslehemma. Rullestolar har diverre ikkje tilkomst inn i dei fleste av dei antikvariske bygga.

Språk

I friluftmuseet er tekstane skrevet på norsk, engelsk og tysk. Inne i utstillingane er tekstane skrevet på norsk og engelsk. Dei ansatte på museet snakkar norsk og engelsk, og guida turar går også desse språka.

Audioguide

Vi har per i dag ikkje ein fungerande audioguide. Våre tilsette gir deg gjerne ein introduksjon til utstillingane.

Besøkande som går i friluftsmuseet. gardstun i bakgrunnen.