Audioguide
Bruk gjerne vår audioguide når du besøker museet!
I resepsjonen finn du QR-kode som tek deg til informasjon og til audioguidar. Du kan også laste ned audioguidane på mobil eller nettbrett direkte frå Soundcloud. Tenesta er gratis og er tilgjengeleg på norsk, engelsk og tysk.
Omvising med guide
Bli med inn i dei gamle husa og høyr om levd liv i Sogn. I sommarsesongen tilbyr vi omvising med guide på friluftsmuseet, kvar dag kl 13:00. Omvisinga tek deg med inn i fleire hus og gir eit innblikk i museet og kulturlandsskapet. Omvisinga varer omlag 1 time.
Bli med på stell av dyra
Bli kjend med dyra på garden og bli med å gje dei mat i lag med bonden. Måndag-fredag kl 14:00, 23.juni- 4.august.
Desse omvisingane er inkludert i inngangsbilletten, og kan tilbys på norsk eller engelsk.
Er du interessert i omvising andre tidspunkt eller utanfor sesong, kontakt oss gjerne på dhs@misf.no, eller ring oss på tlf +47 57 67 82 06
Dersom du ynskjer å komme til museet for å sjå på gjenstandar, bilete eller tekstilar som ikkje er i utstillinga, ver venleg å kontakt oss i god tid på førehand. Vi vil gjere så godt vi kan for å hjelpe til, men vi treng litt tid til førebuing.