De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
skrin i eit lafta hus.
Gjenstandssamlinga ved De Heibergske Samlinger

Samlinga til De Heibergske Samlinger- Sogn Folkemuseum inneheld omlag 50 000 gjenstandar, av desse er 28 000 katalogisert. Ein stor del av samlinga er førindustriell jordbruks- og handverksreiskap. I tillegg har museet ei stor samling gjenstandar knytt til hus, heim og personleg bruk, frå mellomalderen og fram til i dag.

Mange av gjenstandane våre er å finne på Digitalt museum:

Samlingsdatabasen vår har vore gjennom over hundre år med nye prosedyrar, ny teknologi og nye digitale databasar, og det er ikkje alltid formateringa har gått like godt i alle overgangane. Vi vil gjerne at så mykje som mogleg av samlinga vår er tilgjengeleg, og innimellom kan det førekome skive- eller formateringsfeil i katalogtekstane. Vi jobbar stadig med å kvalitetssikre innhaldet utan å måtte avpublisere samlinga – er det noko som er uklart så ta kontakt med oss på post@dhs.no

Kva samlar vi inn no?
De Heibergske Samlinger dokumenterer hovudsakeleg bygg- og bustadskikk, den private sfære, draktskikk og husflids- og handverkstradisjonar i ytre, midtre og indre Sogn frå 1800-talet og ut 1900-talet, med hovudfokus på perioden før den industrielle revolusjonen. Innsamlinga framover rettar seg mot å sørge for representasjon i samlinga, og potensielle nye inntak i samlinga vil særleg fokusere på dette. Vi ynskjer at samlinga skal reflektere breidda av folkesetnaden i Sogn gjennom tidene. I tillegg ynskjer vi å fullføre folkedrakt- og bunadssamlinga for menn, kvinner og born.

Frysing av gjenstandar

Som ein del av vårt konserveringsarbeid nyttar vi frys for å sikre oss mot blant anna skadedyr. Har du gjenstandar du gjerne vil ha ein runde i frysen vår, ta kontakt med oss for å avtale tid for levering, henting og betaling. Skriv kva det er du vil fryse og kvifor. Vi ber også om at du skriv omtrentlig mengde og plassbehov. Vi tek betalt per kubikkmeter, minstepris gjeld for 1 m^3.

Levering og henting skjer i arbeidstid – mellom 9 og 15. Ved levering anbefalar vi at du har merka alle tinga dine og at du har pakka det i eigna emballasje.  

dhs@misf.no / 57 67 82 06

Vi kjøyrer frysen i henhold til vår kapasitet.