De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger

Frysing av møblar og tekstil mot skadedyr

Museet tilbyr frysing av møblar og tekstil for både eksterne institusjonar og privatpersonar som mistenker skadedyrangrep, til dømes klesmøll, borebillar eller andre insekt som kan skade tre, tekstil og andre organiske materiale. Frysing er ein effektiv og skånsam metode for å avlive skadedyr og egg utan bruk av kjemikaliar.

Atterhald, ansvar og risiko

Tidspunkt for mottak av gjenstandar for frysing avheng av vår kapasitet og plass i frysaren.

Frysing skjer på kunden sitt eiga ansvar. Ikkje alt materiale toler nedfrysing like godt – enkelte typar lim, maling, finér, kompositt­materiale og enkelte tekstil kan ta skade av låge temperaturar eller av kondens som oppstår ved opptining. Kunden må sjølv vurdere om gjenstanden er eigna for frysing, eventuelt i samråd med museet på førehand. Museet tek ikkje ansvar for skade som oppstår som følgje av frysinga.

Levering og henting

Kunden må sjølv sørge for tilstrekkeleg mannskap til å bere og plassere møblane inn i frysen ved levering og henting.

Møblane må hentast innan avtalt frist. Dersom fristen ikkje vert overhalden, vert det lagt til eit tillegg i prisen for lagring utover avtalt periode.

Ta kontakt

Ynskjer du å bestille frysing eller du har spørsmål kan du ta kontakt på e-post dhs@misf.no.

PRISLISTE FOR FRYSING

 

Leige av fryser hjå Sogn folkemuseum

1 m3 - 690,00 kr

2 m3 - 1390,00 kr

3 m3 - 2010,00 kr

4 m3 - 2640,00 kr

5 m3 - 3250,00 kr

6 m3 - 3840,00 kr

7 m3 - 4410,00 kr

8 m3 - 4960,00 kr

9 m3 - 5460,00 kr

10+ m3 - 6000,00 kr