Sunnfjord Museum
Vottar til sals på husflidsmessa.

Handverk- og husflidsmesse 2026

Tidspunkt til
Stad Sunnfjord Museum

Velkomen til handverks- og husflidsmessa i Movika

Sunnfjord Museum og Midtre Sunnfjord Husflidslag ønskjer hjarteleg velkomne til den tradisjonelle handverks- og husflidsmessa i Movika.

Laurdag 12. og søndag 13. september, kl. 12.00–16.00 begge dagar.

Billett kjøpt laurdag gjeld også søndag. Hugs å ta vare på kvitteringa dersom du ønskjer å besøkje messa begge dagane.

Sal av handverk og husflid

Eit variert utval utstillarar kjem til Movika med eigenproduserte varer for sal. Liste over årets utstillarar blir publisert seinare. Du kan mellom anna vente å finne produkt i tre, keramikk, sølv og tekstil.

Messa er eit flott høve til å starte julegåvehandelen eller hente inspirasjon til eigne handarbeids- og handverksprosjekt.

Salsbodene finn du i fleire av dei antikvariske bygningane på museumsområdet. Ved inngangen får du utdelt kart over området, og bygningane er tydeleg merkte med skilt.

Sogn og Fjordane Husflidslag har stand med informasjon om arbeidet sitt. Her får du òg kjøpt lodd til årets haustlotteri, med flotte gevinstar frå årets messe.
Aktivitetar og omvisingar

Kafé

I Halbrendhuset vert det kafé med sal av kaffi, te, natronkaker og sveler.

Aktivitetar og omvisingar

Søndag blir det spikkeaktivitet for store og små. I tillegg vert det fleire aktivitetar og omvisingar gjennom dagen. Detaljert program kjem seinare.


Er du interessert i å vere utstillar på årets messe? Ta kontakt med Åse Dyregrov Midthun (ase.dyregrov.midthun@enivest.net) og Torhild Vie (torhildvie@gmail.com).

Planlegg besøket ditt

Opningstider

31. mai — 30. august
tysdag til fredag 10:00-17:00
laurdag og søndag 12:00-17:00

Prisar

  • Vaksne: 140 kr
  • Honnør & Student: 110 kr
  • Born 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (min. 15 pers)*: Ta kontakt for pris

Her er vi

Sunnfjord Museum
Jølstravegen 107
6819 Førde