Velkommen til den tradisjonsrike Kystdagen søndag 13.september!
Saman med dei flotte samarbeidspartnarane våre blir dette ein innhaldsrik dag for heile familien!
Her vert det aktivitetar både for dei unge og dei litt eldre. Det vert også sjølvsagt høve til å slå seg til ro med ein kaffikopp og noko godt bakverk til. Kanskje ei rykande fersk svele eller ein god kanelbolle?
Vi tek i bruk det store, flotte uteområdet vårt med spennande aktivitetar og matsal, så hugs gode sko, kle og godt humør!
Billett får du kjøpt ved hovudinngangen, ved Nilsenslippen eller digitalt ved å trykke på knappen øverst på sida.
*Ved framvisning av årskort får du gratis inngang på Kystdagen! Årskort kan kjøpast på nett eller i resepsjonen.