Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Gruppebilde av sju personar framfor hyllereolar i museumsmagasin.
Publisert 19/06/2026
Av Henning A. Hellebust

Får forlenga tillit

Styret i Musea i Sogn og Fjordane har forlenga Jan Heggheim (t.v.) sitt seksårige åremål som administrerande direktør i stiftinga.

– Me i styret er godt nøgd med jobben Jan Heggheim har gjort som administrerande direktør så langt. No står vi i ein del prosessar som det er viktig å fullføre, og det er greitt at han held i det, seier styreleiar Ivar Kvalen.

Åremålet for direktørstillinga er på seks år, og går etter planen ut sommaren 2027. Dette er no forlenga med to år, til sommaren 2029. Styreleiaren rosar direktøren for innsatsen dei første fem åra.

Rekker med folk ved foten av ei stor treskute innandørs.
Jan Heggheim er vertskap i bunad for opningsfesten for Holvikejekta i 2025.
Høgtidskledde personar i dress og bunad på rekke framfor gamal treport.
Her takkar Jan Heggheim og Ivar Kvalen Hennar Majestet Dronning Sonja, etter nyopninga av Astruptunet i 2024.

– Han har vore ei samlande kraft for å få avdelingane under ei fane i Musea i Sogn og Fjordane, noko eg meinte var viktig å få til. Så har han fullført nokon av dei største prosjekta i museet si historie: Holvikejekta har fått verne- og formidlingsbygg og fellesmagasinet Tinghuset har blitt realisert i Angedalen i Førde. Sistnemnde er eit prosjekt i 100-millionar-klassen. Jan har gjort ein god jobb.

Store utfordringar i vente

Styreleiaren peikar på at finansieringa i museumsbransjen lenge har vore krevjande. Ein konsekvens er etterslep i vedlikehald på både driftsbygningar og antikvariske bygningar. Mellom anna er planlegginga av ei betydeleg oppgradering av Kystmuseet i Sogn og Fjordane i gang. Der er det akutte behov for eit løft, grunna manglande vedlikehald. Også De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum har store bygnadsbehov som ein har byrja å planlegge utbetring av.

– Det blir høg aktivitet framover også. Heggheim har eit stort nettverk som er viktig for oss i desse framtidige planane, seier Kvalen.

Tre menn bær gjenstandar ut av ein varebil.
Sist vinter var det innflytting i nytt kontorbygg i Kvernsteinsparken. I Jan Heggheim (i midten) er på plass for å gje museumsleiar Alexander Rauboti ei hjelpande hand med flyttinga.

– Eg har rett og slett draumejobben, både med tanke på at oppdraget er meiningsfullt, og at vi har eit godt lag til å løyse det, svarar Jan Heggheim, om kvifor han ønskjer å halde fram.

Han tykkjer det har vore moro å bli del av ein ny flokk, med mangfaldige og interessante oppgåver. Sjølv opplever han også ein meir samla organisasjon, der tilsette samarbeider godt på tvers av museum og avdelingar. Han er også nøgd med at to store byggeprosjekt i musea er ferdige, godt innanfor dei økonomiske rammene.

Kva er eit godt museum?

– Musea i Sogn og Fjordane får nye utfordringar etter kvart som verdssituasjonen endrar seg, og dei neste åra kjem til å krevje anna av oss enn det vi har opplevd siste åra. Eit stikkord er å ta KI meir i bruk, samtidig som ein skal vere kritisk og drive kvalitetssikring. Eg har lyst til å førebu MiSF på endringane, gjennom strategiarbeid og auka merksemd mot kva som er "eit godt museum" for samfunnet, gjesten og den tilsette. Musea i Sogn og Fjordane driv gode museum som kan bli endå betre. Vi må dessutan ta nokre “djerve val” med tanke på kva vi skal prioritere. Desse vala må vere godt forankra i organisasjonen, avsluttar Heggheim.   

Les fleire nyheiter

Sjå alle