Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
mann med caps siktar langs ei fjøl.
mann med caps siktar langs ei fjøl.

Dette er Elling som legg bordkledning. Tystadstabbueret ved Nordfjord Folkemuseum er eitt av dei mange byningane handverkarane vøla på i 2025.

Dei brukar tradisjonelle handverksteknikkar i arbeidet sitt. Som her - feste bordklending med trenaglar.

Smillande kvinne flettar ei trekorg.
Smillande kvinne flettar ei trekorg.

Marit er ein av kursdeltakarane våre, her lærer ho å flette korg på Sunnfjord Museum.

Gjennom fleire kurs og verkstader kvart år, lærer vi vekk immateriell kulturarv, som tradisjonelt handverk.

Mann smiler i døropning på gamalt tømmerhus.
Mann smiler i døropning på gamalt tømmerhus.

Dette er Joakim. Han byrja som vår første rådgjevar innan bygnignsvern.

Han hjelper huseigarar med råd og tips til kva dei kan gjere med sine antikvariske bygg.

Kvinne står mellom reolar fulle av gamle ting.
Kvinne med mørkt hår heng opp mikrobilder i ein modell av ei kunstutstilling.
Kvinne bøyer seg over kvit pappmodell av utstillinga med bilder i frimerkestorleik på veggene.

Mayra held eit høgt tempo med stadig nye utstillingar på Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde.

Her jobbar ho i ein modell av utstillinga Vest, med bilete innlånt av Birger Mowinkel.

Ung dame står i stillas.
Ung dame står i stillas.

Rakel har vore lærling på Kystmuseet i Sogn og Fjordane.

Kanskje kan ho bli ei av våre framtidige handverkarar?

Gamal kvinne med kvitt år står framfor glå dukar som heng på vegg.
Gamal kvinne med kvitt år står framfor glå dukar som heng på vegg.

Norun sine vevnader kjem til sin rett på Eikaasgalleriet.

Utstillinga "Livesnerven - frå stove til atelier" handla mykje om vevnad og kunsthandverk, men også kvinneleg gûnderskap.

KVinne les ei gula gamal
KVinne les ei gula gamal

Sallie og Sunnfjord Museum bidrog til vår deltaking i utvandrarjubileet til USA, Crossings 200, med utstillinga "Spelemenn og sognekjerringar".

Samtidig har ho forska på norsk-amerikanarar si humorkarriere i USA, blanta anna kvinneleg standup tidleg på 1900-talet.

Rekker med folk ved foten av ei stor treskute innandørs.
Rekker med folk ved foten av ei stor treskute innandørs.

Holvikejekta fekk omsider ein skikkeleg heim.

Høgtideleg opning "under kjølen", og over 500 på folkefesten utandørs. Jekta har ein uvurderleg posisjon i kulturarven.

Mann støttar seg til ei nsteinkross.
Mann støttar seg til ei nsteinkross.
Mann støttar seg til ei nsteinkross.

Alexander er ein av våre kunnskapsrike formidlarar som dreg rundt og deler kulturhistoria.

I fjor såg mange føredraga hans om steinkrossar - høgd ut i Hyllestad, der Kvernsteinsparken ligg.

Veldig kjekt for oss også, at Kvernsteinsparken i 2025 vart del av Unesco sin nye globale geopark.

MAnn smiler til kvinne, medan dei ser på ei fotoutstilling.
MAnn smiler til kvinne, medan dei ser på ei fotoutstilling.

Svein og Liv Anne ser ut som dei er besøkande til utstillinga "Hytta" på Norsk Reiselivsmuseum.

Det er ikkje heile sanninga. Dei er to av våre velvillige statistar som let seg avbilde, så vi kan ha fine reklamebilete. Tusen takk!

misf/sogn-fjordmuseum-msf-04879.jpg.
misf/sogn-fjordmuseum-msf-04879.jpg.
misf/sogn-fjordmuseum-msf-04879.jpg.

På Sogn Fjordmuseum har Trude ei av våre store samlingar av båtar og fiskereiskap å vise fram.

Fjorden som livsnerve er eit tema som er lett å gløyme etter at vegar og fly tok over logistikken, og fisken kjem i pappøskjer.

Då er Fjordmuseet eit godt døme på kvifor vi har museum - når vi sluttar med ting, gløymer vi. Museet tek vare på gjenstandar, kunnskap og minner.

Ung mann er guide for tre gjester på eit folkemuseum.
Ung mann er guide for tre gjester på eit folkemuseum.

Ole Sivert viser rundt på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Han er er ein av våre rundt 50 sommarvertar. Det er ærefullt at vi kvart år får vere mange ungdomar rundt i Sogn og Fjordane si første jobberfaring.

Telt og boder står oppslått framfor ærverdig gamalt hus med steintrapp.
Telt og boder står oppslått framfor ærverdig gamalt hus med steintrapp.

Vågsberget Handelsstad sin handelsdag blir stadig meir populær.

Museet i Måløy var i 2025 ein god bidragsytar til at samla besøkstal i Musea i Sogn og Fjordane vaks med omlag to prosent til 58 678.

Kvinne støvsugar gamalt skrin med utskjæringar.
Kvinne støvsugar gamalt skrin med utskjæringar.

Kristine reingjer eit 233 år gamalt skrin. Det er på veg inn i fellesamagasinet vårt, Tinghuset.

Etter knappe to års drift, har 2 332 gjenstandar fått plass i det nye lokalet i Angedalen.

Ei kvinne med blomsterbukett klemmer ei anna kvinne som takk.
Ei kvinne med blomsterbukett klemmer ei anna kvinne som takk.

Lubna fekk ein skikkeleg klem av Jenny då statsråden fortalde ordføraren at staten bidrar med pengar til nytt besøkssenter ved Astruptunet.

Når også Sunnfjord Kommune, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sparebankstiftelsen DNB og Vestlandet Fylkeskommune bidreg, er finansieringa komplett - og arbeidet kan byrje.

Mann med caps og bukkeskjegg hamrar laust på ein metalldings i ein verkstad.
Mann med caps og bukkeskjegg hamrar laust på ein metalldings i ein verkstad.

Lasse er driftsteknikar på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Saman med drifts-kollegaene sine, syt han blant anna for at alle driftsbygningane våre fungerer som dei skal. Spesielt viktig er branntryggleiken.

Kvinne held førelesing ved skjerm framfor skuleklasse.
Kvinne held førelesing ved skjerm framfor skuleklasse.
Kvinne held førelesing ved skjerm framfor skuleklasse.

Ingebjørg ved Sogn Kunstsenter, fortel elevar frå Lærdalsøyri skule om livet og kunsten til Hans gjesme.

I fjor tok formidlarane våre imot 6 572 elevar og barnehagebarn på musea våre.

Tilbod om gratis museumsbuss til niandeklassar, gav 1 361 15-åringar tilgang til læring og opplevingar hjå oss i skuletida.

Smilande mann støttar seg på nyrestaurert stabbur.
Smilande mann støttar seg på nyrestaurert stabbur.

Thomas er pådrivar for at Musea i Sogn og Fjordane sine tilsette driv forsking. Nye forskingsmidlar utløyser stadig nye prosjekt.

Saman med andre vestlandsmuseum vil vi mellom anna undersøke korleis musea har vore med og skape og oppretthalde skiljet mellom natur og kultur.

smilande mann med julete bakgrunn.
smilande mann med julete bakgrunn.

Gregory bidreg til julestemning på juleverkstaden på Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Litt avhengig av korleis vi tel, hadde vi over 150 ulike arrangement i 2025. I førjulstida er det mange som kjem for å oppleve julenostalgi, fellesskap og læring.

personar flokkar seg rundt eit spelebrett som ligg på golvet.
personar flokkar seg rundt eit spelebrett som ligg på golvet.

Sallie sitt konkurranseinnstinkt fekk blomstre, då dei tilsette testa ut dette spelet for skulebarn.

Her er det om å gjere å komme seg fortast råd til Bergen med jekter frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Gruppebilete av folk som står i ei trapp og hiv hendene i været.
Gruppebilete av folk som står i ei trapp og hiv hendene i været.
Gruppebilete av folk som står i ei trapp og hiv hendene i været.

Det kan sjå litt kaotisk ut her, men denne gjengen er det altså som driv Musea i Sogn og Fjordane.

Vi er i overkant av 60 fast tilsette, med oppgåver fordelt over 14 museumsarenaer mellom kysten og Indre Sogn.

Vi er stolte over å få lov å ta vare på kulturarven for ettertida. Velkomen til oss!

Sjå fleire nyhende

Sjå fleire