Rekk opp handa dei som har tenkt at kongerekka berre fortel ein pitte liten del av historia vår. Therese Nesset er ein av dei. Ho er utdanna arkeolog, og har lenge grubla på kvifor vi veit så lite om livet til vanlege folk i hundreåra før reformasjonen på 1500-talet. I desse dagar publiserer ny forsking på temaet i det internasjonale arkeologitidsskriftet Ruralia.

Når arkeologar grev i mellomaldergardar i Vestland, kan dei finne restar etter keramikk. I magasinhyllene på De Heibergske Samlingar finst det fullt av slike gamle potteskår frå Kaupanger. Historia bak dei, og om den er viktig, har det vore få svar på. Heilt til no.
– Då det i løpet av 1200-talet vart bestemt at ein berre fekk drive handel i byane, måtte bøndene komme til Bergen med varene sine for å få selt dei. Det var då dei byrja å ta med seg varer heim, som keramikk, seier Nesset.
Skår kan gje svar
Det er veldig få kjelder som dokumenterer livet frå den tida, og få gjenstandar er bevart. «Alle» gardar hadde typisk nok gryter av kleberstein, og gjenstandar av jarn. «Alle» hadde ein kvernstein frå Hyllestad og ein brynestein frå Eidsborg. Organisk materiale som tekstil og trevirke er vekke. Skriftlege kjelder seier lite om folkelivet. Men så viser utgravingane at keramikken dukkar opp på slutten av 1300-talet. Keramikk er lett å identifisere opphavet til, fordi den er knytt til lokale tradisjonar, teknikkar og råmateriale frå staden den er produsert.

– Det fantes ikkje produksjon av keramikk i Noreg i mellomalderen, så det vi finn frå denne perioden er importert frå utlandet. All utanrikshandel skulle gå gjennom dei store mellomalderbyane, og i vårt distrikt var dette Bergen. I Bergen er det til dømes funne mykje keramikk frå aust i England i første del av mellomalderen og Rhindalen i Tyskland frå seinmellomalder av. Når vi då finn keramikk frå Rhindalen i seinmellomalderen også utanfor byane, kan det tyde på handelskontakt mellom by og bygd, seier ho