Jotunet vart testamentert til Kystmuseet i Sogn og Fjordane i 2007, og vart overteke då kunstnaren døydde i 2011 (då var Kystmuseet ein del av MiSF). Sidan har museet jobba for å ivareta arven gjennom å halde bygningar og hage ved like, syne fram kunsten og formidle om livet hans. Føringane i testamentet har vore krevjande å innfri. MiSF har difor ønskt å sende arven vidare til andre som kan gjere ein enno betre jobb. Det blir organisasjonen Jotunet Florø.
– Vi innser at vi ikkje klarar å ta oss av alle eigedomane vi har på ein så god måte vi ønskjer. Vi må difor avhende nokre av dei, for å konsentrere oss om museumsarenaene våre. Når vi finn gode løysingar med overtakande partar er det rett å avhende eigedomen. Vi har full tillit til at Jotunet Florø vil ivareta intensjonane til Bjørn Hegranes så godt som mogeleg, seier administrerande direktør Jan Heggheim i Musea i Sogn og Fjordane.
Skal løfte fram kunstnarskapen
Jotunet Florø arbeider for å fremje og levandegjere kunstnarskapen til Bjørn Hegranes. Dei vil utvikle og aktualisere kunstnarheimen i hans ånd og gjere kunstverk etter Hegranes kjent for eit breiare publikum.
 
– Dei har jobba veldig godt og realistisk med prosjektet sitt. Eg er glad for at dei har teke det på seg, og ser fram til å følge med på dei og samarbeide med dei. For Kystmuseet er dette eit viktig steg i den store jobben med å bli den kulturinstitusjonen vi ønskjer å vere i lokalsamfunnet, som er eit kulturhistorisk kystmuseum, seier museumsleiar Annette Langedal Holme ved Kystmuseet i Sogn og Fjordane.
Bjørn Hegranes var ein grafikar og målar frå Florø, kjent for skildringane sine av det vestnorske kystlandskapet. Eigedomen i Florø er sett saman av fleire eldre hus og nyare påbygg, og hadde i si tid eit mangfaldig hageanlegg.
Takksame for tilliten
– Vi er svært takksame for at Musea i Sogn og Fjordane har gjeve oss tilliten til å overta ein så viktig del av kulturarven i Florø, som òg inneheld det meste av Bjørn Hegranes sine meir enn 2 000 kunstverk. Jotunet var ikkje berre heim for Bjørn Hegranes, men òg hans arbeidsstad, og står i dag slik det gjorde på hans siste arbeidsdag, seier styreleiar Hilmar Eliasson.
 
Organisasjonen Jotunet Florø har eksistert i litt over eitt år. Det er gjennomført dugnadar, halde visningar og utvikla strategiar og handlingsplanar. Ein skal auke kjennskapen om kunsten hans og etablere Jotunet som ein kunstnarheim, særleg for unge kunstnarar som verkar i Bjørn Hegranes si ånd – med fokus på miljø, gjenbruk, kystlandskap og natur.
Feirer 100 år i 2026
I første omgang vil «100-årsmarkeringa til Bjørn Hegranes», fødd 15. juni 1926, vere hovudsatsinga i 2026. Hovudaktivitetane blir:
- Utstilling i kulturhuset i Florø frå 8. til 17. juni 2026. 
- Kunstformidling gjennom utlån av verk til lokale institusjonar og bedrifter. 
- Vidare utvikling av Jotunet og tilbod om omvisning. 
– For å sikre langsiktig utvikling av Jotunet og formidling av Bjørn Hegranes si kunst, vil det vere avgjerande med eit stadig nært og godt samarbeid med MiSF og Kystmuseet, noko vi opplever at dei òg prioriterer høgt, seier Eliasson.
Du kan følgje arbeidet til Jotunet Florø på Facebook.
 
 
 
