For å møte utfordringar knytt til fulle og uoversiktlege magasin, har ICCROM utvikla metoden Re-Org – ein praktisk metode for å omorganisere museumsmagasin slik at samlingane får betre vilkår og lengre levetid - i tillegg til å auka tilgjengelegheita av samlinga for eit større publikum.
Representantar frå fire ulike museum i Vestland og våre eigne handverkarar og driftspersonell har delteke på ei veke med kurs, foredrag og praktisk arbeid i magasin i regi av Bevaringstenestene.
Etter eit par dagar med introduksjon til metode, oppmåling av magasina og planlegging av arbeidet starta deltakarane med det praktiske arbeidet onsdag 22. oktober. Allereie etter ein dags arbeid kunne ein sjå stor forskjell!
Nokre av dei 30 000 gjenstandane våre er utstilte, men dei fleste vert tekne vare på i ulike magasin. Som ved mange museum i Noreg har samlinga vår vakse raskt, og det krev både tid og ressursar å sikre god bevaring av alle gjenstandane. No har vi gode verktøy og eit utvida nettverk med kunnskapsrike ressurspersonar som gjer det muleg for oss å fortsette det gode arbeidet og å sikre verdifull historie for framtida. Takk for innsatsen!
Sjekk ut videoen under for eit innblikk i arbeidet som vart gjort under "Re-org veka" på De Heibergske Samlinger.