I løpet av mellomalderen (år 1030-1537) vart det innfør ein rekke lovar og reguleringar for å avgrense handelsverksemd utført på landsbygda. All handel skulle sentraliserast i byane, der Bergen var bastionen på Vestlandet, men også mindre handelsstader som Kaupanger og Kinsarvik fekk handelsprivilegium. Bønder skulle ikkje drive handel seg imellom, anna enn smått dei produserte sjølve. Arkeologisk kjeldemateriale frå gardar på Vestlandet tyder likevel på at bønder tok del i ulike handelsnettverk i mellomalderen. Frå 1600-talet fortel skriftlege kjelder om handel, og utviklinga av handelsverksemda, mellom by og bygd – men korleis starta det? Med utgangspunkt i arkeologisk og historisk kjeldemateriale har Therese Nesset, arkeolog og konservator ved De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, forsøkt å finne svar på dette. Kvar fekk bønder varer frå, kven dreiv med handel og kva slags betyding hadde handel for levesett og materiell kultur på gardar i mellomalderen?
(Hovudbilete: Importert keramikk er eit indirekte teikn på handelsverksemd. Desse tre kannene er frå vestlandsgardar. Her er to såkalla bartmannskrukker frå Frechen i Tyskland - truleg frå 1600-talet - og ei kanne med relieffmotiv frå Raeren i Belgia - inskripsjonen daterer denne til 1598.)
