Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Kvinne held opp LP-plate.
Publisert 29/09/2025
Av Henning A. Hellebust

Vågale vitsar på sognamål

På byrjinga av 1900-talet var det eit stort norsk underhaldningsmiljø i USA. Sallie Anna Pisera forskar på korleis vitsar, musikk og dans kan påverke identiteten til utvandrarar.

Eleonora og Ethel opptredde på store og små scenar i New York, Chicago og Minneapolis og andre stader med utvandra nordmenn. Dei fekk oppslag i avisene, spelte inn plater, hadde radioprogram, gav ut hefter og la ut på turne. Søstrene var som stjerner å rekne. Kva skjedde?

Dei første kvinnene

– Det var så artig å finne ut at det var damer tidleg på 1900-talet som hadde klart å komme inn i dette miljøet og vere komikarar. At kvinner hadde stor suksess der det elles berre var menn er så kult, seier Sallie Anna Pisera, museumsleiar ved Sunnfjord Museum.

I samband med at vi i 2025 markerer 200 år sidan den organiserte utvandringa frå Norge til USA byrja, har ho forska og jobba fram ei utstilling. Den tek føre seg desse komikarsøstrene og andre i den norsk-amerikanske underhaldningsbransjen.

Kvinne med headset lyttar og ser på skjerm.
I utstillinga kunne ein høyre Olson-søstrene sine "standup"-nummer.

– Eg har vakse opp med humor, tradisjonell musikk og dans i det norsk-amerikanske samfunnet. Det er viktig for meg. Eg trur ikkje nordmenn kjenner til at det er eit spesielt miljø og ein lang historie for det, seier Pisera, som har familierøter i Jølster, men er fødd og vaksen opp i USA.

Det byrja med at ho jobba som prosjektassistent for prosessor James P. Leary i 2016. Då transkriberte, digitaliserte og katalogiserte ho arkivmateriale med opptak frå forskjellige innvandrargrupper. Ho fekk høve til å sette seg inn i ein hel skatt med utvandrarkultur.

Humor byggestein i samfunn

– Vi veit at folk som utvandra jobba hardt og hadde tøffe liv. Men dei slappa også av, dei song og dansa og underhaldt kvarandre, skapte ein kultur. Eg trur at det også er ein viktig del av det å bygge samfunn. Det skaper tilhøyrsle. Så no ønskjer eg å finne ut meir om det. Kva vitsar, musikk og dans har å sei for liva våre og identiteten vår, seier ho.

Svart-kvitt bilete av tre kvinner med oppsett hår og flotte kjolar frå 1920.
Olson-søstrene hadde med seg eit tredje medlem, Rosetta, på turnear.

Hjå norske immigrantar var Olsen-søstrene blant dei første og snart dei største i eit stort miljø og det som skulle bli ein lang tradisjon. Dei var fødde i ein vanleg arbeidarfamilie Chicago i 1870 og 1883. Mora var frå Hafslo i Sogn og faren frå Austlandet. Akkurat kvifor dei byrja i show-biz, veit ein ikkje heilt. Mora var visst både morosam og musikalsk. Faren var skal ha deltatt i eit revy-miljø i byen. Etter kvart nådde dei toppen av det som den gong var det norsk-amerikanske kjendismiljøet, og tente truleg også gode pengar.

Vaudeville-revy

Showa deira var ein del av det såkalla vaudeville-miljøet, eit revymiljø der Charlie Chaplin var ein kjent utøvar. Nummera dei framførte hadde som oftast tre ingrediensar. Dei var utdanna klassiske musikarar, så det eine var opera. Inn i mellom var det norske nasjonalromantiske songar og folkeviser. Og så, humoristiske høgdepunkt framført som komiske monologar.

Foto av eit slitt program med ti nummer med opera, songar og humor.
Slik kunne eit konsertprogram sjå ut. Eleonora var mezzo sopran, Ethel var sopran og Rosetta spelte piano.

– Dei snakka om livet til bygdefolk i byen, altså norske utvandrarar i amerikansk storby. Det var vågale mannfolkhistorier og vanlege opplevingar kvinner som innvandra til amerikanske byar hadde, seier Pisera.

Mange av desse monologane vart gitt ut på LP-plater. Desse kan du sjølv høyre ved å trykke på knappane nedanfor. Er det morosamt, eller er det berre deira samtidige medmigrantar som flirer?

– Eit opptak eg likar er «A Norwegian girl at the telephone» Ho skal ringe langdistanse for første gong. Dette er ny teknologi som gjer ho litt nervøs, og det er dyrt. Straks ho skjønar at det er kusina ho høyrer i telefonen, går ho rett over på å sladre om naboane.

Kvardagstema med snert

Andre gonger snakkar dei om å oppdra barn. Historia om «The Larson kids at the beach» handlar om ei mor som passar på barna medan dei badar i havet. Ho fortel om at ho set norske flagg i håret på barna, så ho skal sjå dei i bølgjene. Ein kan høyre opptak av ei dame på handletur i ein delikatessebutikk, skal handle gamalost og andre norske varer. Eller Eleonora si framføring av Sognekjerringa på klingane sognemål:

Å nei, det er ikkje mange her no so hogsa meg då eg var ung. Ungdomane tenkje da at me ha vore gamle støtt dei, veit du. Men eg hugsa da at gutane sto so tjukt so fluger på ei sirupskanne beint ute på kyrkjebakken. Og eg kunna ha fått kår einaste ein tao dei. Men du veit, eg likte å ha «good time», så eg berre og flørta og mora meg. Då eg skulle til å sjå meg rundt og tenkje på å gifte meg, så var det ikkje att nokon andre enn dinna gamle tussebroki.

LP-plate ligg oppå gulna hefte.
Tekstane kom ut på både plate og i hefte.

Pisera har nyleg presentert arbeidet sitt på ein konferanse, og er i gang med å forske vidare. Ho har mange spørsmål ho håpar å komme vidare med. Kom tradisjonen frå eit norsk miljø eller oppstod det i USA? Var det også eit vaudeville-miljø i Norge? Ville Olsen-søstrene blitt populære her, eller ville berre utvandrarar forstå humoren? Ho vil også undersøke kor mykje friheit kvinner i Norge har hatt til å gjere slik, og korleis revykultur og kvinnesak har utvikla seg. Og så vart det publisert kritiske lesarbrev om anstendigheita til kvinnene. Kva sa dei?

– Det oppstod noko eineståande rundt førre århundreskifte som framleis var i live då eg vaks opp i USA på 1990-talet. Det er ukjent for dei fleste i Norge. Vi har forskjellige kulturliv, sjølv om vi har noko felles identitet. Dette vil eg finne meir ut av, avsluttar ho.     

Meir nytt frå Sunnfjord Museum

Sjå alle