Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/familieverkstad_aktivitet_born_kunstmuseet.jpg.

Familieverkstad: sprutmåling

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Denne laurdagen skal vi lage kunst inspirert av utstillinga "Gjenklang" av kunstnar Linda Soh Trengereid.

I landskapsmåleria til Linda Soh Trengereid er naturen ein levande, pulserande organisme med menneskeliknande vesen vovne saman med naturen. Ho teiknar detaljerte skoglandskap med kol og fargelegg ved å sprute på måling – ein skikkeleg gøy måte å lage bilete på!

På verkstaden får borna lage sitt eige bilete, inspirert av metoden til Linda. Dei får bruke kol som teikneredskap og fargelegge med måling i små sprayflasker. Med denne teknikken blandar fargane seg på spennande måtar og med raskt resultat. Vaksne i følge med borna kan gjerne vere med å samarbeide på biletet. Verkstaden passar for 3 år og oppover, dei minste borna treng noko hjelp med å bruke sprayflaskene.

Bli med å lage kolteikning med fargesprut - akkurat som kunstnar Linda Soh Trengereid!

kunstmuseet/img_9131.jpg.
Det er gøy å sprute måling på bildet!
kunstmuseet/img_9137.jpg.
Fargane sit godt og blandar seg ekstra fint på akvarellpapir.
kunstmuseet/img_5596.jpg.
Frå atelieret til Linda Soh Trengereid. Utsnitt frå det 11 meter lange måleriet "Gjenklang", som de kan sjå i utstillinga i Høgsalen (1. etasje).
kunstmuseet/img_9145.jpg.
Små og store i utstillinga "Gjenklang". Finn du dei menneskeliknande skikkelsane i måleriet?
BILLETTINFO

Familieverkstaden og utstillingane er gratis for born i følge med betalande vaksen. Born under 12 år må ha følge av ein føresett på verkstaden.

-

For vaksne med årskort på museet er verkstaden gratis. Ellers gjeld vanleg inngangsbillett på museet, du kan kjøpe billett på førehand eller i resepsjonen ved ankomst.

-

Merk: alle som vil delta på verkstaden må registrere seg i resepsjonen først. Borna får utdelt sin gratisbillett der.

-

Førstemann-til-mølla-prinsippet gjeld for verkstadane. Er det mange som kjem samtidig må ein berekne litt ventetid før det blir ledig plass - vi gjer det vi kan for at alle skal få komme inn.

Full verkstad når du kjem? Ta ei runde i utstillingane på museet eller kjøp noko godt å drikke i kafeen medan de ventar.