Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
Utsnitt av panoramaverket «Gjenklang». Skoglandskap teikna med kol. Foto: Linda Soh Trengereid.

Linda Soh Trengereid. Gjenklang

Tidspunkt til
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Bli med inn i vestlandsnaturen.

I denne utstillinga blir du invitert inn i eit stort og stemningsfullt måleri av vestlandsnaturen. Gjenklang er eit heilt nytt verk laga spesielt til denne utstillinga. Måleriet er 11 meter langt og 2 meter høgt, og kunstnaren bak verket heiter Linda Soh Trengereid.

Motivet viser eit skoglandskap der menneskeliknande vesen ser ut til å vere vevde saman med trea, røtene og naturen – som om dei høyrer til der. Trengereid skaper landskap der det vakre og det urovekkande møtast, og der det kjende og det framande glir over i kvarandre.

Verket tek inspirasjon frå gamle panoramamåleri og nasjonalromantikken, men også frå kunstnaren si eiga historie som adoptivbarn frå Sør-Korea. Gjenklang handlar om tilhøyrsle, identitet og vår relasjon til naturen – særleg den ville og vakre vestlandsnaturen.

Aktuell kunstnar

Trengereid har nyleg stilt ut ved Høyersten Contemporary i Bergen, der kunstmuseet kjøpte eit av verka som var stilt ut. Ho har ei rekkje separatutstillingar bak seg, samt deltaking på Vevringutstillinga. Utstillinga er eit samarbeid med Førdefestivalen, og er støtta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

kunstmuseet/dscf7525-medium.jpg.

Linda Soh Trengereid

Linda Soh Trengereid (f. Seoul, Sør-Korea, 1984) voks opp på Sotra utanfor Bergen. Ho bur og arbeider i Bergen og fullførte utdanninga si ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen i 2011.

Trengereid har hatt separatutstillingar ved Høyersten Contemporary i Bergen,  QB Gallery i Oslo, Galleri LNM i Oslo, Kunstgarasjen i Bergen og Voss Kulturhus. Ho har delteke på Vevringutstillinga, Vestlandsutstillingen og Høstutstillingen, samt ei rekkje gruppeutstillingar.

Verka hennar er kjøpt inn av Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Kode, Stavanger Kunstmuseum, Haukeland universitetssjukehus, Universitetet i Bergen og Fana Kulturhus.

Kurator: Mayra Henriquez
Montering og produksjon: Ole Langvik Hansen, Berhanu Mekonen, Sindre Iman / VM-bygg, Anna Wingård / Fauske Skredderi
Grafisk design: Henriette Bekjorden Hukset

kunstmuseet/2_fordefestivalen_slagord_midnattblaa.jpg.
kunstmuseet/logo-sparebankstiftinga-liggande-1.png.