Torsdag 21. august kjem kurator for utstillinga "Gal og genial?", Ingrid Norum frå Musea i Sogn og Fjordane til Sogn Kunstsenter. Ho vil dele frå nypublisert forsking om kva som skjedde med Hans Gjesme sitt kunstnarskap då han var lagt inn på Gaustad psykiatriske sjukehus i 16 år.
Biletkunstnaren Hans Gjesme (1904—1994), er kjend for sine saftiggrøne framstillingar av landskapet i Lærdal, og for fargesterke portrett av familie og sambygdingar. Frå 1955 til 1971 var han lagt inn på Gaustad sjukehus i Oslo. Kunstverka han skapte der har sjeldan vore vist eller omtala, som biletkunst skapt på psykiatrisk institusjon generelt i norsk kunsthistorie. Med utgangspunkt i Gjesme sine verk, brev og notat, pasientjournalen, samtalar med tidlegare tilsette på Gaustad og samanlikning med andre innlagte kunstnarskap, kastar dette føredraget lys over kva Gjesme skapte på Gaustad og korleis sjukdommen påverka kunstnarskapet. Dei mange verka fortel om korleis det var å vere psykisk sjuk og syner fram nye sider av den lukka verda innanfor gjerdet på Gaustad.
Inngangsbillett
Inngang kr. 100,-
Inngang med årskort kr 50,-
Etter foredraget vert det høve til å sjå utstillinga "Hans Gjesme - Gal og genial?" Du kan også kjøpe den splitter nye katalogen til utstillinga skrive av Norum.
Arrangementet er støtta av Fritt Ord
Ingrid Norum (1973) har hovudfag i kunsthistorie (UiO, 2000). Ho har arbeidd som konservator og seniorrådgjevar ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Musea i Sogn og Fjordane sidan 2003. Norum har kuratert eit tjuetals utstillingar og publisert ei lang rekke bok- og katalogartiklar om kunstnarar som Jens Hauge, Knut Rumohr, Robert A. Robinson, Kåre Kivijarvi, Hans Gjesme, Ludvig Eikaas, Elsa Eikaas og Magne Vangsnes.