Sogn Kunstsenter Sogn Kunstsenter
Bilde av oppslått katalog med bilder og tekst.

Ny utstillingskatalog!

Vi har laga ein katalog til utstillinga "Gal og genial?" om kva som skjedde med kunstnarskapet til Hans Gjesme (1904-1994) medan han var innlagd ved Gaustad sjukehus.

Her finn du forord av avdelingsdirektør Tor Martin Leknes, artikkel av seniorrådgjevar Ingrid Norum, Hans Gjesme sitt livsløp og foto av mange kunstverk frå perioden.

Hans Gjesme var innlagd på Gaustad sjukehus i Oslo i 16 år. Kunstverka han skapte der har sjeldan vore vist eller omtala, som biletkunst skapt på psykiatrisk institusjon generelt i norsk kunsthistorie. Med utgangspunkt i Gjesme sine verk, pasientjournalen, brev og notat, og samanstilling med andre innlagte kunstnarar kastar artikkelen lys over kva Gjesme skapte på Gaustad og korleis sjukdommen påverka kunstnarskapet. Dei mange verka syner nye sider av ei lukka verd.

Katalogen er på 68 sider, på norsk og engelsk og er til sals ved Sogn Kunstsenter for 225 kr.

Om du vil kjøpe katalogen og få den tilsendt mot porto, ta kontakt med: Sogn Kunstsenter ved Guro Nesse, guro.nesse@laerdal.kommune.no, 57 64 12 00 / 95 89 49 53.

Katalogen er finansiert av Musea i Sogn og Fjordane, Fritt ord og Lærdal kommune.

Ingrid Norum (1973) har hovudfag i kunsthistorie (UiO, 2000). Ho har arbeidd som konservator og seniorrådgjevar ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Musea i Sogn og Fjordane sidan 2003. Norum har kuratert eit tjuetals utstillingar og publisert ei lang rekke bok- og katalogartiklar om kunstnarar som Jens Hauge, Knut Rumohr, Robert A. Robinson, Kåre Kivijarvi, Hans Gjesme, Ludvig Eikaas, Elsa Eikaas og Magne Vangsnes.