Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Lita jente gjev gras til geiter. Ein vaksen og ein gut ser på.

Sesongopning

Tidspunkt -
Stad Sunnfjord Museum

Tradisjon tru markerer vi starten på sommarsesongen med ei sesongopning, og ynskjer små og store hjartleg velkomen til Sunnfjord Museum!

Det blir ymse aktivitetar ute og inne.
Eit detaljert program for dagen blir lagt ut snart, men du kan mellom anna vere med på:

  • Ein skuledag i gamledagar. Opplev korleis det var å vere elev for ca. 100 år sidan.

  • Geitedåp. Museumsgeitene skal få navn!

  • Sjå utstillinga "Hovudplagg og hårmote i folkedrakt og bunadbruk" der over 60 hovudplagg frå store delar av landet er utstilt. I utstillinga er det også høve til å flette, veve og teikne.

  • Prøve å male korn med handkvern, og bære vatn med vasselen.

Museet er ope kvar dag i sommar med utstilling, butikk og enkel kafé med kioskvarer, kaffi og is.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. februar — 2. juni
Tysdag til fredag 10-15.
I påskeveka har vi ope måndag 25.- onsdag 27. mars.
Vi held stengt 2.- 5. april og heilagdagane i mai.

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Honnør/Student: 90 kr
  • Born 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (min. 15 pers)*: Ta kontakt for pris

Her er vi

Sunnfjord Museum
Jølstravegen 107
6819 Førde