Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
sunnfjord-museum/hodeplaggutstilling2.jpg.

Utstilling: Hovudplagg og hårmote i folkedrakt og bunadbruk

Tidspunkt til
Stad Sunnfjord Museum

Velkomen til hår- og hovudplaggutstilling på Sunnfjord Museum!

Vandreutstillinga «Hovudplagg og hårmote - i folkedrakt og bunadbruk» er laga av Norsk Folkedraktforum. Utstillinga er eit resultat av eit større prosjekt med innsamling, registrering og rekonstruksjon av tradisjonell draktskikk og håroppbinding. Måla med prosjektet er mellom anna å få hovudplagget i aktiv bruk i samsvar med tradisjon, og å informere om hovudplagg og håroppbinding som del av ein draktskikk.
I utstillinga får du sjå over 60 hovudplagg frå store delar av landet. Av dei finn vi mellom anna høgehue frå Jølster i Sunnfjord og tobladshuer frå Nordfjord.

I utstillinga på Sunnfjord Museum vil publikum også få sjå bilete av lokale drakttradisjonar.

Dukke med hovudplagg som står på eit bord. Plakat i bakgrunnen.
Til dei over 60 hovudplagga kan du lese kvar i landet plagga kjem frå, og tradisjonen kring bruken av dei.


I lesekroken finn du lesestoff om drakt- og bunadstradisjon, og på aktivitetsbord i utstillinga kan du prøve å veve på grindvev og lage band på kabylsk vev.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. februar — 2. juni
Tysdag til fredag 10-15.
I påskeveka har vi ope måndag 25.- onsdag 27. mars.
Vi held stengt 2.- 5. april og heilagdagane i mai.

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Honnør/Student: 90 kr
  • Born 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (min. 15 pers)*: Ta kontakt for pris

Her er vi

Sunnfjord Museum
Jølstravegen 107
6819 Førde