Vil du vere med og stemme på din favoritt?
Dei fem verka med flest stemmer blir viste i rotasjon i hovudutstillinga «Hans Gjesme – Høgdepunkt», som opnar 19. juni 2026. Vi trekker ein fin premie blant deltakarane som legg att e-post. Stemminga er open fram til 15. april 2026.
STEM HER!
Biletkunstnaren Hans Gjesme (1904-1994) frå Lærdal skapte frå han var 13 til han var 89 år. Han budde mykje i Lærdal, men òg i lange periodar i Oslo. Brorparten av motiva er difor derifrå, men òg frå studieturar til Paris og Røros.
Kunstnaren skildra landskap og natur til alle årstider, men òg hus og byliv. Han portretterte slekt og kjende, på eige initiativ og på oppdrag. Han arbeidde òg med stilleben, akt og interiør. Han skildra folk i arbeid både heime i Lærdal og på Gaustad sjukehus kor han var lagt inn i 16 år. Der framstilte han òg korleis han opplevde medpasientanes og eigen sjukdom og einsemd.
Med utstillinga "Høgdepunkt" ønskjer vi å syne fram nokre av dei flottaste og mest interessante verka Gjesme skapte gjennom 76 år.