1904
Hans Gjesme vert fødd 11. mai på Uppigarden på Voll i Lærdal
Søstera Guri (f. 1901) døyr
1905
Mora Elsa Voll (f. 1868) døyr
Faren Knut Gjesme (1861-1949) sit att aleine med Hans og storebroren Olav (1899-1970)
Tanta Brita Voll (1864-1945) tek etter kvart over det daglege ansvaret for heimen
1920
Elev ved Pola Gauguins målarskule i Kristiania sesongane 1920/21 og 1922/23
1921
Deltek med fleire måleri på «De refusertes utstilling» ved Blomqvist i Kristiania om hausten
1925
Studietur til Paris frå februar til juni. I lære hjå André Lhote (1885-1962) ein månad
1926
Debuterer på Vestlandsutstillingen, «Utstilling av vestlandsk og trøndersk kunst», med to bilete. Utstillinga vert synt fram i Bergens Kunstforening, Stavanger Kunstforening og Trondhjems Kunstforening
Måleriet Interiør vert kjøpt inn av Trondhjems Kunstforening
Etter invitasjon frå hotelleigar Olaus Dahle, bur Gjesme ved Hotell Mundal i Fjærland gjennom sommaren. Der målar han portrett og landskap
1927
Separatutstilling i Bergens Kunstforening i november med 30 måleri
1928
Separatutstilling i Aalesunds Kunstforening
Separatutstilling i Trondhjems Kunstforening
Separatutstilling i Stavanger Kunstforening
Hausten og vinteren etter bur Gjesme i Østre Aker og Oslo og får rettleiing av Axel Revold (1887-1962), professor ved Statens kunstakademi
Han planlegg ei illustrert praktutgåve av Draumkvedet, eit norsk visjonsdikt antakeleg frå slutten av mellomalderen
1929
Deltek på Vestlandsutstillingen
1930
I februar stiller Gjesme ut ca. ti bilete hos Blomqvist kunsthandel i Oslo
Deltek på utstillinga «Trønder- og Vestlandsmalere» i Kunstnernes Hus i Oslo
1931
Praktutgåva av Draumkvedet vert refusert av Noregs Boklag. Den økonomiske risikoen er for stor
Separatutstilling i Bergens Kunstforening
1932
Deltek på «Bergensmalernes utstilling» i Bergens Kunstforening
Deltek på Vestlandsutstillingen
Separatutstilling i Svanger Kunstforening
Deltek på Statens Kunstutstilling – Høstutstillingen
Illustrasjonar til julebladet Jol i Sogn
Gjesme syner interesse for gipsstøyping
1937
Deltek på Vestlandsutstillingen med ei gipsbyste
1939
Separatutstilling i Bergens Kunstforening i april med 40 måleri
1940
Deltek og gjev verk til Bergenskunstnernes hjelpeaksjon for Finland i Bergens kunstforening i mars. Kunstverka vert auksjonert bort
Deltek med fire måleri på ei utstilling med Vestlandsmalarar i Bergens kunstforening i august
1941
Deltek på Vestlandsutstillingen, «Vestlandsmalernes utstilling», i Bergens Kunstforening
1942
Med på «De Unges utstilling» i Kunstnernes Hus i Oslo
Innkjøpt av De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum
I mai har Gjesme to oppdrag for A/S Sambygg i Øvre Årdal: å dekorere ein peis i ingeniørhytta ved Årdal hotell og å måle eit portrett av overingeniør Schjerven
Om sommaren er han i Fjærland. I september bur han ved Gjøvik
1944
Deltek på utstilling med «Fjorda-malere» i Bergens Kunstforening i august
1945
Tante Brita, som har vore som ei mor for Gjesme, døyr
1948
Studietur til Røros
Gjesme er på jakt etter atelier i Oslo, utan hell
Deltek på vandreutstilling i Sogn og Fjordane arrangert av Fylkesopplysningsrådet. Han er òg med i uttakingsnemnda til utstillinga
Deltek på Kunstforeningens juleutstilling i Bergens Kunstforening
1949
Gjesme bur ein del i Oslo
Faren Knut døyr
1951
Separatutstilling i Bergens Kunstforening i september med 31 arbeid: teikning, pastell, akvarell, skulptur
1954
Om hausten byrjar Gjesme å få vrangførestillingar, høyrslehallusinasjonar og paranoide tankar. Broren Olav tek han med til legen i Lærdal
1955
I januar tek broren han med til professor Langfeldt ved psykiatrisk klinikk i Oslo, kor Gjesme får elektrosjokkbehandlingar. Tidleg i desember reiser dei til legen i Lærdal att då han framleis har symptom.
Den 20. desember vert Gjesme tvangsinnlagd på Gaustad sjukehus i Oslo og får diagnosen paranoid schizofreni
1956
Etter mange sjokkbehandlingar i januar og februar, byrjar Gjesme på ulike antipsykotika medisinar
Allereie i mars tek han til å teikne og måle att og er produktiv i lange periodar av opphaldet på Gaustad
Om hausten arrangerer han utstilling på sjukehuset og ein del verk vert seld
1964
Leverer to bilete inn til juryering for Statens Kunstutstilling – Høstutstillingen, men vert refusert
1970
Broren Olav døyr. Gjesme får løyve til å dra heim på ferie i august
1971
Nye Lærdalsopphald i juni og august. Endeleg utskriven frå Gaustad sjukehus i september
Naboen Anders Voll er verje for Gjesme fram til september 1975
1977
Retrospektiv separatutstilling Kunstnernes Hus i april-mai med 60 måleri
Same utstilling synt i Lærdal i oktober. Lærdal kommune kjøper nokre verk
1983
Separatutstilling i Galleri Øyri i Lærdal i juni
1993
Mottek Lærdal kommunes kulturpris
1994
3. mars donerer Hans Gjesme alle kunstverka sine til Lærdal kommune
Tre veker seinare, 29. mars, døyr Hans Gjesme
1998
Gjesmegalleriet i Lærdal opnar 19. juni
2011
Sogn Kunstsenter – Gjesmesamlinga opnar 3. juni