Sogn Kunstsenter Sogn Kunstsenter
Hans Gjesme, Sjølvportrett, 1926.

ANDLET til ANDLET - Portrett i Gjesmesamlinga

Stad Sogn Kunstsenter

VINTERSTENGD. OPE VED NOKRE ANDRE ARRANGEMENT PÅ KULTURHUSET GJENNOM VINTERSESONGEN.

«Lat kunsten koma i fyrste rekkja, folk i tredje» skreiv Hans Gjesme (1904-1994) i ei av sine notatbøker. Trass i denne utsegna, og det at Gjesme av mange vert skildra som ein innadvent person, finn vi hundrevis av portrett i Gjesmesamlinga. Gjesme prioriterte kan hende kunsten framfor folk i livet sitt, men han ga likevel plass til menneske som motiv i kunsten. Menneske som har sitte stille framfor han medan han har studert liner og proporsjonar i andleta deira, og festa dei til arket, lerretet eller med gips i tredimensjonal form.

Hans Gjesme skildra dei nære; faren Knut, Moster Brita og broren Olav. Han skildra òg seg sjølv gong etter gong, frå han var 13 år. Elles portretterte han sambygdingar, medstudentar og vener. Folk i alle aldrar; barn, vaksne og gamle. Kvinner og menn. Nokre av portretta er studiar av modellar ved Pola Gauguins malerskole i Kristiania tidleg på 1920-talet.

Dei fleste portretta er brystbilete, det vil sei at dei er skildra frå brystet eller halsen og opp. Nokre er i heilfigur som måleriet av Moster. I teikningane, særleg av dei nære, skildrar han gjerne dei portretterte i deira daglege sysler. Frisyrar og kle er ofte skildra i detalj, og fortel om tida verka er skapt i. Nokre av teikningane er forarbeid til dei måla portretta.

Diverre er det få av dei teikna portretta vi kan namngje. Gjennom studiar av brevsamlinga etter Gjesme veit vi at han arbeidde med mange portrett på bestilling. Brorparten av desse er framleis i familiane som tinga dei, men nokre av teikningane i Gjesmesamlinga er kan hende variantar av, eller skisser til desse.

Til denne utstillinga har vi sett i stand og ramma inn fleire tidlegare uoppspente måleri. Dei mange teikna portretta vert òg synt fram for første gong. Nokre av dei har vi reinsa og sett i ramme. Framleis er det hundrevis av portrett vi ikkje får vist, då det i mange av skissebøkene er portrett på kvar side. Vi har heller ikkje enno det fulle og heile oversynet over denne innhaldsrike samlinga.

Kurator: Ingrid Norum
Konservering og innramming: Berhanu Mekonen
Montering og lyssetting: Berhanu Mekonen og Ingrid Norum

I tilknyting til portrettutstillinga vert det sjølvbetjent verkstad for store og små. Der finn du oppgåver som stimulerer til å sjå betre etter og til å portrettere både seg sjølv og andre, med blyant eller mobilkamera.

Verksfoto: Hans Gjesme, Sjølvportrett, 1926, olje på lerret

Planlegg besøket ditt

Opningstider

25. september 2023 — 14. juni 2024
Vinterstengd. Ope ved nokre arrangement på Kulturhuset

Prisar

  • Vaksen: 160 kr
  • Barn 6-16 år: 60 kr
  • Barn 0-5 år: Gratis
  • Familie: 300 kr

Her er vi

Sogn Kunstsenter
Øyraplassen 14
6887 Lærdal