Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane (KISF) presenterer utstillinga "Der me er" i Sogn Kunstsenter
I denne utstillinga har KISF glede av å visa noko av det som rører seg i kunstlivet i Sogn for tida. Gruppeutstillinga er kuratert av Inger Eri og sju kunstnarar med sterk tilknyting til Sogn og Fjordane er plukka ut, nokre bur heime, andre ute.
Eli Mai Huang Nesse
Jens Hauge
Maria Brinch møter Knut Rumohr
Marius Moldvær
Nils Olav Bøe
Sigrid Voll Bøyum
Øystein Klakegg
Tittelen på utstillinga viser til dagens fleksibilitet, med stadig meir kommunikasjon og flytting, hit og dit, å vera både her og der. Kanskje er det dette som er å komma dit ein vil? Kunstverka har ikkje ein felles tematikk, men handlar likevel om der me er – på mange plan.
Utstillinga presenterer også Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane sine undersøkingar av moglegheitar for visuell kunst i regionen. Ut i frå temaet Yttergrenser og naboskap har Terje Grimen og Inger Eri gjennomført moglegheitsstudiar. Korleis kan kunsten nå folk og stadar i dei ulike delane av Sogn og Fjordane? Kan me møta folk der dei faktisk er i kvardagen?
Gruppeutstillinga spring ut av Inger Eri sin moglegheitsstudie. Då Kunstnarsenteret fekk høve til å disponere Høgsalen på Sogn kunstsenter måtte me gripa sjansen til å visa samtidskunst av nokre profesjonelle kunstnarar frå distriktet.
Terje Grimen undersøker «mellomrom» i det offentlege. Busskur, ferjekaier og ferjer – stadar prega av venting, overgang og midlertidigheit. Ei påtvungen pause, dødtid i kvardagen, på stadar me sjeldan vel å vera, men som me likevel deler med mange andre. Ventetida rommar samstundes potensiale for merksemd, refleksjon og å vera til stades sanseleg. Kva skjer om kunsten trer inn i desse situasjonane, ikkje som eit avbrot, men som ein medspelar i ventinga?
Prosjektet har ei undersøkande form og søker å utvide forståinga av kvar kunst kan finna stad og korleis offentlege rom i distrikts-Norge kan fungera som aktive, sanselege og meiningsberande møteplassar.
Den tredje delen av utstillinga vil løfte fram historiske samanhengar gjennom ei tidslinje over kunstprosjekt som har vore gjennomført i regionen tidlegare og som Kunstnarsenteret bygger vidare på.
Pilotprosjektet blir gjennomført med midlar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Bildende kunstneres hjelpefond og KORO - Lokalsamfunnsordningen. Takk!